Rising for the Moon
| Rising for the Moon Studioalbum av Fairport Convention |
||
| Innspelt | September 1974 og februar-mars 1975 i Olympic Sound Studios i London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 42:07 | |
| Selskap | Island | |
| Produsent | Glyn Johns | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Fairport Convention-kronologi | ||
| Fairport Live Convention (1974) |
Rising for the Moon | Gottle O'Geer (1976) |
Rising for the Moon er det tiande albumet til det britiske folkrockbandet Fairport Convention. Det nådde 52. plass på den britiske albumlista og var det siste Fairport-albumet med Sandy Denny.
I denne perioden vart bandet av tilhengjarane stundom kalla «Fotheringay Convention» og «Fotheringport Confusion»[1] sidan kjernen i Fotheringay (Denny, ektemannen hennar Trevor Lucas og Jerry Donahue) alle var med i bandet (i lag med Dave Pegg, Dave Mattacks og Dave Swarbrick). Lucas frå Australia og amerikanaren Donahue vart med Pegg, Swarbrick og trommeslagar Dave Mattacks i 1973 for innspelinga av albumet Rosie.[2] Denny reiste med bandet då dei turnerte i 1974 og starta å synge med dei på scenen.[3]
Dette var det første Fairport Convention utan John Wood som produsent,[4] og det einaste utan tradisjonelle songar.[5] Med fleire solide songar på lager, gjekk dei i studio. Sjølv om songane framleis var basert i folkrock, førte produsent Glyn Johns med seg ein meir polert og pop-aktig lyd til innspelinga.[4][5] Mattacks forlet halvvegs under innspelinga og vart erstatta av trommeslagar Bruce Rowland.[4]
Dette var det siste Fairport-albumet som gjekk inn på den britiske albumlista før Red & Gold i 1989. Albumet nådde 52. plass på lista og låg der berre ei veke.[6] Bandet (og særleg Denny) håpte på at Rising For The Moon endeleg skulle verte gjennombrotsalbumet deira, men uheldigvis vart det aldri så populært og i desember 1975, etter å ha turnert med albumet, forlet Donahue bandet, etterfølgd av Denny og Lucas kort tid etter.[5][7] Pegg, Swarbrick og Rowland heldt fram i bandet og nytta erstattarar før dei klarte å overtale Simon Nicolom å kome attende.[8]
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Rising for the Moon» | Sandy Denny | 04:07 | ||||||
| 2. | «Restless» | Trevor Lucas, Peter Roche | 03:58 | ||||||
| 3. | «White Dress» | Dave Swarbrick | 03:43 | ||||||
| 4. | «Let It Go» | Denny, Swarbrick, Dave Pegg | 02:00 | ||||||
| 5. | «Stranger To Himself» | Denny | 02:50 | ||||||
| 6. | «What Is True» | Denny | 03:33 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 7. | «Iron Lion» | Lucas | 03:27 | ||||||
| 8. | «Dawn» | Denny, Jerry Donahue | 03:43 | ||||||
| 9. | «After Halloween» | Denny | 03:38 | ||||||
| 10. | «Night-Time Girl» | Swarbrick, Pegg | 02:55 | ||||||
| 11. | «One More Chance» | Denny | 07:55 | ||||||
| Bonusspor på CD-utgåve | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 12. | «Tears» | Lucas | 04:09 | ||||||
| 13. | «Rising for the Moon» (demo) | Denny | 03:06 | ||||||
| 14. | «Stranger to Himself» (demo) | Denny | 02:17 | ||||||
| 15. | «One More Chance(Denny)» (demo) | Denny | 03:46 | ||||||
Medverkande [endre]
- Sandy Denny: vokal, piano
- Trevor Lucas: vokal, rytmegitar
- Dave Swarbrick: vokal, fiolin, mandolin, dulcimer
- Jerry Donahue: sologitar
- Dave Pegg: bass, mandolin, korvokal
- Dave Mattacks: trommer (Rising for the Moon, Restless, White Dress, Dawn, One More Chance)[4]
- Bruce Rowland: trommer (Let It Go, Stranger To Himself, What Is True, Iron Lion, After Halloween, Night-Time Girl)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rising for the Moon» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Humphries, Patrick (1982). Meet on the Ledge: A History of Fairport Convention. London: Eel Pie Publishing. ISBN 0 906008 46 8.
- Roberts, David, ed (2006) [1977]. British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records. ISBN 1 904994 10 5.
- ↑ Humphries 1982, s. 81.
- ↑ Humphries 1982, s. 77,79.
- ↑ Humphries 1982, s. 83,85.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Humphries 1982, s. 87.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Humphries 1982, s. 89.
- ↑ Roberts 2006, s. 192.
- ↑ Humphries 1982, s. 91.
- ↑ Humphries 1982, s. 93,95.
|
|
|
|---|---|
| Soloalbum | The North Star Grassman and the Ravens · Sandy · Like an Old Fashioned Waltz · Rendezvous · Gold Dust |
| Album med Fairport Convention | What We Did on Our Holidays · Unhalfbricking · Liege & Lief · Fairport Live Convention · Rising for the Moon · Heyday |
| Album med Fotheringay | Fotheringay · Fotheringay 2 |
| Samarbeid | Alex Campbell and his Friends · Sandy and Johnny · All Our Own Work (med the Strawbs) · Rock On · Sandy Denny and the Strawbs |
| Samleplater | It's Sandy Denny · Who Knows Where the Time Goes? · The BBC Sessions 1971-1973 · A Boxful of Treasures · Live at the BBC · Sandy Denny |
| Gjesteopptrednar | Led Zeppelin: "The Battle of Evermore" · The Who: Tommy · The Young Tradition: Galleries · Stefan Grossman: Ragtime Cowboy Jew |