The North Star Grassman and the Ravens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The North Star Grassman and the Ravens
Studioalbum av Sandy Denny
Innspelt Sound Techniques og Island Studios, mars til mai 1971
Sjanger Folkrock
Lengd 39:49
Selskap Island ILPS 9165 (UK)
Produsent Sandy Denny, Richard Thompson, John Wood
Kritikk
Sandy Denny-kronologi
It's Sandy Denny
(1970)
The North Star Grassman and the Ravens Sandy
(1972)

The North Star Grassman and the Ravens er eit album frå 1971 av den engelske visesongaren Sandy Denny. Denny vart soloartist fordi det tidlegare bandet hennar, Fotheringay, vart oppløyst då produsenten deira Joe Boyd fekk jobb i Warner Brothers i California. Bandet var då halvvegs gjennom innspelinga av det andre albumet sitt, som stod uferdig fram til det kom ut som Fotheringay 2 i 2008.

Denny la så ut på ei solokarriere, som gav ho rykte som ein av dei flottast evisesongarane i Storbritannia.[1] Albumet var bygd rund hennar eigne songar og The North Star Grassman and the Ravens skil seg ut med unnvikande tekstar og uventa harmoniar. To originale songar er frå innspelinga av Fotheringay 2, «Late November» og «John the Gun», som vart omarbeidd for albumet. I tillegg er det seks originale songar og to coverversjonar på albumet, Bob Dylan sin «Down in the Flood» og «Let's Jump the Broomstick» av Brenda Lee.

Dei første songane som vart innspelt var dei tradisjonelle «Blackwaterside» og «Let's Jump the Broomstick» i mars 1971 i Sound Techniques. Innspelinga vart følgd opp månaden etter fram til slutten av mai i Island studios, der albumet vart gjort ferdig med innspelinga av tittelsporet.[2] Fleire songar vart innspelte og forkasta under innspelingane, som «Honky Tonk Women», «Walking the Floor Over You» og den tradisjonelle «Lord Bateman».[3]

Innspelingane starta med Andy Johns ved spakane, men mot slutten var det Denny sjølv i lag med Richard Thompson og John Wood som hadde teke over. Det var John Wood som anbefalte filmmusikkarrangøren Harry Robinson for Denny,[4] og han la på strykarar på «Next Time Around» og «Wretched Wilbur». Robinson laga òg strykearrangement for dei neste soloalbuma til Denny.

«Late November» var inspirert av ein draum og dødsfallet til Fairport-medlem Martin Lamble.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Sandy Denny, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Late November»     04:28
2. «Blackwaterside»   trad. 04:12
3. «The Sea Captain»     03:09
4. «Down in the Flood»   Bob Dylan 03:20
5. «John the Gun»     04:38
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Next Time Around»     04:26
7. «The Optimist»     03:24
8. «Let's Jump the Broomstick»   Charles Robins 02:42
9. «Wretched Wilbur»     02:38
10. «The North Star Grassman and the Ravens»     03:27
11. «Crazy Lady Blues»     03:22
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
12. «Late November» (El Pea version)   04:28
13. «Walking the Floor Over You»   Ernest Tubb 04:19
14. «Losing Game»   Richard Clapton 03:25
15. «Next Time Around» (utan strykarar)   04:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Patrick Humphries (20/04/2003) The singing Madonna with an angel’s voice Sunday Express, s 54-5. Nigel Williamson (Nov 2004) Glittering Prize Uncut, s 134. Cliff Jones (Sept 1995) Forensic dissection of the human heart Mojo, s110.
  2. Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 pp273-4.
  3. Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 p138.
  4. Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 p140.