Ándros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ándros
Lokalt namn: Άνδρος
Ei stand på Ándros
Ei stand på Ándros
Geografi
2011 Dimos Androu.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°50′N 24°56′EKoordinatar: 37°50′N 24°56′E
Øygruppe Kykladane
Areal 379,7 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ándros
Største busetnad Ándros by (1 428 innb.)
Demografi
Folketal 9 221 (2011)
Folketettleik 24,3 /km²

Ándros (gresk Άνδρος), òg kalla Andro, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho er den nordlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 10 km søraust for Évvia og om lag 3 km nord for Tínos. Øya er nesten 40 km lang og på det breiaste 16 km. Ándros er ei fjellkledd øy med mange frodige dalar. Hovudbyen heiter òg Ándros og ligg på austkysten med om lag 1 500 innbyggjarar. Øya hadde rundt 18 000 innbyggjarar i 1900 og i dag like over 9 000.

Ándros er frå 2011 den einaste kommunen i periferieininga Ándros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya var i antikken busett av folk frå Jonia og kanskje med ei blanding frå Thrakia. Øya var opphavleg avhengig av Eretria, men på 600-talet fvt. var ho velståande nok til å sende ut fleire kolonistar, mellom anna til Khalkidike (Akanthos, Stageira, Argilus, Sane). Ruinane av Palaeopolis, den antikke hovudstaden, ligg på vestkysten og byen hadde eit kjend tempel tileigna Dionysos. I 480 fvt. forsynte ho skip til Xerxes og vart av den grunn plyndra av den greske flåten. Sjølv om ho vart medlem av Det athenske sjøforbundet var ho fiendtleg innstilt mot Athen, og i 477 fvt. vart ho tvunge inn i eit klerukh. I 411 fvt. erklærte Ándros seg likevel som sjølvstendig, og i 408 fvt. gjekk athenarane til åttak. Som medlem av Det athenske sjøforbundet på ny vart ho igjen kontrollert av ein garnison og ein arkont.

I den hellenistiske perioden låg Ándros ved fronten mellom Makedonia og Egypt. I 333 fvt. fekk ho ein makedonsk garnison frå Antipater, men i 308 fvt. vart ho sett fri av Ptolemaos I av Egypt. I den khremonidiske krigen (266-263 fvt.) gjekk ho igjen til Makedonia etter slaget ved Ándros. I 200 fvt. vart ho erobra av ein flåte med skip frå Romarriket, Pergamon og Ródos, og vart verande under Pergamon fram til riket vart oppløyst i 133 fvt..

Før ho kom inn under Det osmanske riket var Ándros frå 1207 evt. til 1566 styrt av familiane Zeno og Sommariva frå Venezia. Etter eit par hundre år under tyrkarane vart Kykladane ein del av Hellas i 1821.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Ammólokhos
  • Ándros (Khóra)
  • Áno Apróvato
  • Áno Gávrio
  • Apíkia
  • Arnás
  • Batsí
  • Epáno Féllos
  • Gávrio
  • Kalyvári
  • Kappariá
  • Katákilos
  • Kókhylos
  • Kórthi/Órmos Korthíou
  • Kyprí
  • Lámyra
  • Livadia
  • Makrotándalo
  • Mesariá
  • Paleókastro
  • Paleópoli
  • Pitrofós
  • Steniés
  • Synéti
  • Varidio
  • Vitáli
  • Vouní
  • Vourkotí
  • Ypsilá





Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Andros frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi