Slaget om Stalingrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget om Stalingrad
Del av Den andre verdskrigen og Austfronten
Streetfight Stralingrad01.jpg
Gatekampar inne i byen Stalingrad
Dato 21. august 1942 - 2. februar 1943
Stad Stalingrad i Sovjetunionen
Krigsårsak Tyskland ville ta Sovjetunionen
Resultat Avgjerande sovjetisk (alliert) siger.
  • Tyskland mislukkast i å ta Stalingrad, og trekkjer seg ut av byen.
  • Byen var i stor grad øydelagt.
  • Begge partane fekk enorme tap, hovudsakleg dei tyske.
Partar
Aksemaktene:

Flag of German Reich (1935–1945).svg Nazi-Tyskland
Flag of Romania.svg Romania
Flagget til Italia Italia
Flag of Hungary (1920–1946).svg Ungarn

Dei allierte:

Flag of the Soviet Union (1923-1955).svg Sovjetunionen

Kommandantar
Flagget til Nazi-Tyskland Adolf Hitler

Flagget til Nazi-Tyskland Wilhelm Keitel
Flagget til Nazi-Tyskland Maximilian von Weichs
Flagget til Nazi-Tyskland Friedrich Paulus
Flag of German Reich (1935–1945).svg Nazi-Tyskland Erich von Manstein
Flag of German Reich (1935–1945).svg Nazi-Tyskland Hermann Hoth

Det sovjetiske flagget Josef Stalin

Det sovjetiske flagget Georgij Zjukov
Det sovjetiske flagget Vasilij Tsjujkov
Det sovjetiske flagget Aleksandr Vasilevskij
Det sovjetiske flagget Konstantin Rokossovskij
Det sovjetiske flagget Rodion Malinovskij

Styrkar
700.000 1.143.000
Tap
Minst 750.000 drepen 470.000 drepen eller sakna
Kart over utviklinga av slaget

Slaget om Stalingrad er ei nemning på eit stort militærslag under andre verdskrigen. Slaget fann stad i og kring byen Stalingrad, no Volgograd. Slaget gjekk føre seg frå tidleg på hausten 1942 til 2. februar 1943, med svært intense kampar frå hus til hus i byen. Begge sider leid enorme tap. Slaget er i ettertid rekna som det avgjerande vendepunktet i krigen. Etter 2. februar 1943 måtte den tyske hæren i hovudsak forsvare seg mot framrykkjande styrkar frå den raude arméen, som kjempa i det som i Russland blir kalla den store fedrelandskrigen. Slaget blei særleg symbolsk av di byen var oppkalla etter den sovjetiske statsleiaren Josef Stalin.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den 22. juni 1941 invaderte Tyskland og med hjelp av allierte Sovjetunionen i Operasjon Barbarossa. Styrkane rykte snøgt djupt inn i landet. Etter ei rad nederlag sommaren og hausten 1941 gjekk dei sovjetiske styrkane til motåtak ved slaget om Moskva i desember 1941. Dei utslitne tyske styrkane var dårleg utstyrt for vinterkrig og med lange forsyningsliner. Dei blei difor stogga i sin marsj mot den sovjetiske hovudstaden.

Dei tyske styrkane klarte å stabilisere fronten våren 1942. Planar om å starte ein ny offensiv mot Moskva blei skrinlagde, da armegruppe senter var alvorleg svekt. Den tyske overkommandoen visste samstundes at tida var i ferd med å renne ut; USA hadde blitt med i krigen etter det japanske åtaket på Pearl Harbor. Hitler ønskte å avslutte kampane på austfronten, eller i det minste redusere dei før USA blei tungt involvert i krigen i Europa.

På grunn av dette blei nye offensivar i nord og sør vurdert. Ein offensiv mot den sørlege delen av Sovjetunionen ville sikre kontrollen over det petroleumsrike Kaukasus, i tillegg til elva Volga. Elva var ein viktig del av det sovjetiske transportsystemet i Sentral-Asia. Ein tysk siger i sør ville alvorleg svekt krigsevna og økonomien til heile Sovjetunionen. Ein annan ressurs Tyskland trakta etter i dette området var vide og grøderike område for jordbruk.

Det var fleire grunnar til at det var viktig for Hitler å erobre Stalingrad. Det var ein viktig industriby ved Volga, og ei viktig transportrute mellom Kaspiahavet og det nordlege Sovjetunionen. Erobringa ville sikre den venstre flanken for dei tyske armeane som avanserte inn i Kaukasus. At byen hadde namnet til Hitlers motpart, Stalin, ville gjere erobringa av byen til eit propagandakupp. Stalin hadde òg ideologiske og propagandamessige interesser i å forsvare byen som var oppkalla etter han. Under borgarkrigen hadde han spelt ei viktig rolle i å forsvare byen, som da heitte Tsaritsyn, mot «kvite», kontrarevolusjonære styrkar. På dette tidspunktet av andre verdskrigen var det framleis slik at dei sovjetiske styrkane var underlegne dei tyske i mobile operasjonar. Eit slag inne i eit stort byområde, som ville bli dominert av infanteri og artilleri, ville jamne ut styrkeforholdet mellom sovjetstyrkane og dei tyske angriparane.

Det var fleire grunnar til at det var viktig for Hitler å erobre Stalingrad. Det var ein viktig industriby ved Volga, og ei viktig transportrute mellom Kaspiahavet og det nordlege Sovjetunionen. Erobringa ville sikre den venstre flanken for dei tyske armeane som avanserte inn i Kaukasus. At byen hadde namnet til Hitlers motpart, Stalin, ville gjere erobringa av byen til eit propagandakupp. Stalin hadde òg ideologiske og propagandamessige interesser i å forsvare byen som var oppkalla etter han. Under borgarkrigen hadde han spelt ei viktig rolle i å forsvare byen, som da heitte Tsaritsyn, mot kvite styrkar. På dette tidspunktet av krigen var det framleis slik at dei sovjetiske styrkane var underlegne dei tyske i mobile operasjonar. Eit slag inne i eit stort byområde, som ville bli dominert av infanteri og artilleri, ville jamne ut styrkeforholdet mellom sovjetstyrkane og dei tyske angriparane.

Slaget tek til[endre | endre wikiteksten]

Den 28. juni 1942 angreip Armégruppe Sør, og byrjinga av offensiven gjekk bra. Dei sovjetiske styrkane gav lite motstand på dei veldige steppene og trekte seg uorganisert tilbake austover. Fleire sovjetiske forsøk på å etablere forsvarslinjer feila fordi dei blei utflanka av tyske styrkar. To større lommer med sovjetiske styrkar danna seg, blei avskorne og nedkjempa. Mot slutten av juli hadde tyskarane pressa dei sovjetiske styrkane over elva Don. Dei tyske styrkane etablerte deretter forsvarslinjer, saman med styrkane frå sine italienske, ungarske og rumenske allierte. Den 6. armeen var berre nokre titals kilometer frå Stalingrad og den 4. panserarméen rykte fram frå sør for å hjelpe til med å ta byen. Dei tyske måla blei no avslørte for dei sovjetiske generalane; i løpet av juli arbeidde dei sovjetiske styrkane med å styrkje forsvaret av Stalingrad. Sovjetiske styrkar som trekte seg tilbake austover blei kommanderte inn i Stalingrad. Austgrensa for byen var den breie elva Volga, og på andre sida av den blei fleire sovjetiske styrkar plasserte. Denne gruppa med einingar blei den nye 62. arméen under Vasilij Tsjuikov. Oppgåva var å forsvare Stalingrad med alle middel.

Kampane i Stalingrad[endre | endre wikiteksten]

Stalin nekta innbyggjarane å forlate byen fordi han meinte dette ville oppmuntre forsvararane til hardare motstand. Sivile, inkludert kvinner og barn, blei sette til å byggje skyttargraver og forsvarsstillingar. Eit massivt bombeangrep frå Luftwaffe den 23. august førte til ein eldstorm som drap tusenvis av sivile og forvandla byen til eit ruinlandskap. Åtti prosent av bustadhusa i byen var øydelagde. Tyngda av dei innleiande kampane fall på det 1077. luftvernregimentet, ei eining som for det meste bestod av unge kvinner utan trening i å møte bakkemål. Trass i dette og med lite støtte frå andre sovjetiske einingar, blei artilleristane på post og engasjerte dei framrykkjande tyske stridsvognene. Den 16. panserdivisjonen måtte slåst mot det 1077. regimentet skot for skot, inntil alle dei 37 batteria hadde blitt øydelagde eller erobra.

Mot slutten av august hadde armegruppe B nådd Volga nord for Stalingrad. Ei vidare framrykking mot elva sør for byen var neste steg i erobringa. I dei innleiande fasane av striden baserte sovjetstyrkane seg tungt på milits av arbeidarar som ikkje var knytte til krigsproduksjon. For ein kort periode heldt fabrikkane i byen fram med å produsere stridsvogner. Dei blei køyrde direkte frå fabrikkane til fronten, ofte utan å bli måla eller påmonterte kanonsikte.

Frå den 1. september 1942 kunne sovjetstyrkane berre forsyne sine einingar i Stalingrad ved farefulle krysningar av Volga. Mellom ruinane i den øydelagde byen etablerte den sovjetiske 62. armé forsvarsstillingar, med støtteposisjonar i hus og fabrikkar. Kampane i byen var harde og desperate. Stalins ordre nr. 227 av 27. juli 1942 hadde erklært at dei som trekte seg tilbake eller forlet stillingane sine utan ordre ville bli skotne utan vidare. «Ikkje eit steg tilbake» var slagordet, 13 500 sovjetiske soldatar skal ha vorte skotne for feigskap. Dei sovjetiske forsterkingane som blei sende over Volga frå den austlege elvebreidda var under konstant eld frå tysk artilleri og tyske fly. Gjennomsnittleg levetid for ein nykomen sovjetisk soldat i byen gjekk ned til under 24 timar.

Tyskarane som avanserte inn i Stalingrad leid òg store tap. Tysk militær doktrine var basert på prinsippet om kombinerte våpenteam og tett samarbeid mellom stridsvogner, infanteri, pionertroppar, artilleri og fly. For å møte dette var sovjetstyrkane sin taktikk å ha frontlinjene så nær fienden som råd. Tsjuikov kalla taktikken å «omfamne» tyskarane. Denne taktikken tvinga dei tyske infanteristane til å slåst utan støtte eller å risikere å bli ramma av eigen støtteeld; det nøytraliserte tysk luftstøtte og svekte effekten av artilleriet deira. Bitre kampar raste for kvar gate, kvar fabrikk, kvart hus, kjellar og trapp. Tyskarane kalla denne typen til da ukjende urbane krigføring for «Rattenkrieg» (rottekrig), og spøkte kynisk med at kjøkkenet var erobra medan det framleis blei kjempa om stua.

Kampane om Mamajev Kurgan, ei høgd ved byen, var spesielt nådelause. Høgda skifta side fleire gonger. Under eit sovjetisk motangrep for å gjenerobre Mamayev Kurgan mista sovjetstyrkane ein heil divisjon på 10 000 mann på éin dag. Ved kornsiloen, eit stort industrielt område dominert av ein gigantisk silo; var styrkane så nær kvarandre at sovjetiske og tyske soldatar høyrde kvarandre sin pust. Kampane ved kornsiloen varte i vekevis, til dei tyske styrkane sprengde siloen. I ein annan del av byen blei ein leigegard, forsvart av ein tropp under leiing av Jakov Pavlov, gjort om til ei festning. Bygningen, som seinare blei døypt «Pavlovs hus», låg ved ein open plass i sentrum av byen. Soldatane omgav huset med minefelt, etablerte maskingeværstillingar i vindauga og sprengde hòl i veggene i kjellaren for å få betre mobilitet.

Dei tyske stridsvognene blei ubrukelege i ruinhaugar som var fleire meter høge. Dersom stridsvognene i det heile klarte å trengje fram, blei dei tekne under eld frå sovjetiske panservernvåpen. Sovjetiske skarpskyttarar hadde også suksess i ruinane, og gav tyskarane store tap. Skarpskyttaren Vasilij Zajtsev fekk æren for 242 drepne under slaget.Soga hans er filmatisert i filmen «Fiende ved porten» («Enemy at the Gates»).

Slaget om Stalingrad blei ei prestisjesak for både Stalin og Hitler, i tillegg til dei strategiske vurderingane. Den sovjetiske overkommandoen STAVKA flytta dei strategiske reservane sine frå Moskva til nedre del av Volga, og overførte fly frå heile landet til Stalingrad. Presset på dei to øvste militære sjefane var enormt: Paulus utvikla ukontrollerte rykningar ved auget og Tsjuikov fekk utbrot av eksem som tvinga han til å bandasjere hendene. Troppane på begge sider opplevde den stadige påkjenninga ved nærkamp.

I november, etter tre månader med blodbad og sakte framrykking nådde tyskarane endeleg Volga sine breidder i sentrum av byen; dei erobra 90 % av byen og splitta dei gjenverande sovjetstyrkane i to små lommer. I tillegg skapte isflak på Volga problem for forsyninga av sovjetstyrkane. Likevel heldt kampane fram, spesielt ved skråningane av Mamayev Kurgan og i fabrikkområdet i den nordlege delen av byen. Kampane om stålverket, traktorfabrikken og kanonfabrikken blei vidgjetne. Medan sovjetsoldatane forsvarte posisjonane sine, heldt fabrikkarbeidarane fram med å reparere stridsvogner og andre våpen rett attmed slagfeltet.

Sovjetisk motangrep[endre | endre wikiteksten]

Under omlægringa av Stalingrad hadde dei tyske, ungarske og rumenske styrkane som verna flankane pressa hardt på hovudkvarteret for å få støtte. Den 2. ungarske armé (som bestod av dårleg utrusta og lite trente troppar) hadde fått oppgåva å forsvare 200 km av frontavsnittet nord for Stalingrad. Dette resulterte i ei svak forsvarslinje. Dei sovjetiske styrkane heldt fleire bruhovud ved den sørlege delen av Volga og var ein trussel mot Armégruppe Sør B. Men Hitler var så fokusert på sjølve byen at krav om styrkar til flankane blei avslegne. I løpet av hausten hadde den sovjetiske generalen Georgij Zjukov, ansvarleg for strategisk planlegging i Stalingradområdet, konsentrert massive sovjetiske styrkar på steppene nord og sør for byen. Zjukovs plan var å halde fram presset på dei tyske styrkane i byen, for deretter å trengje gjennom dei tynt bemanna og dårleg forsvarte flankane så Stalingrad kunne bli omringa. Operasjonen fekk kodenamnet «Uranus» og blei iverksett samtidig med operasjon «Mars», som var retta mot Armégruppe Sentrum.

Den 19. november 1942 starta den raude arméen operasjon Uranus. Dei framrykkjande sovjetiske einingane, under kommando av general Nikolai Vatutin, bestod av tre heile arméar; den 1. gardearméen, den 5. tankarméen og den 21. arméen. Styrken inkluderte 18 infanteridivisjonar, 8 tankbrigadar, to mekaniserte brigadar, seks kavaleridivisjonar og ein antitankbrigade. Førebuingane til angrepet kunne høyrast av rumenarane som enda ein gong bad om forsterkingar; men dei blei igjen avviste. Den nordlege flanken blei knust den første dagen.

Dagen etter, den 20. november, starta ein sovjetisk offensiv med to arméar frå sør mot stillingar som blei haldne av det rumenske 4. armékorpset. Dei rumenske styrkane, som for det meste var kavaleri, kollapsa mesta med ein gong. Dei sovjetiske styrkane avanserte raskt vestover i ein knipetangsmanøver, møttest to dagar etter nær byen Kalakh, og stengde med det inne dei tyske styrkane i Stalingrad. Om lag 250 000 tyske og rumenske troppar, pluss nokre kroatiske einingar, var sperra inne. Ikkje alle soldatane frå den tyske 6. arméen blei fanga; om lag 50 000 blei feia til sides utanfor lomma. Dei sovjetiske styrkane etablerte straks to forsvarslinjer; ei innetter for å forsvare seg mot utfall frå lomma, den andre utetter for å forsvare seg mot ein mogleg redningsaksjon.

I ein tale den 30. september hadde Hitler erklært at den tyske arméen aldri ville forlate Stalingrad. I eit møte kort etter at styrkane hadde blitt omringa hadde dei tyske generalane prøvd å få til eit utbrot til ei ny forsvarslinje vest for elva Don. Mot dette erklærte Hermann Göring at Luftwaffe kunne forsyne den 6. armé via ei luftbru. Slik kunne dei tyske styrkane i byen halde fram med å kjempe medan ein unnsetningsstyrke blei samla.

Men Luftwaffe hadde i røynda ikkje kapasitet til å forsyne så mange. Likevel støtta Hitler idéen og tok opp att ordren om at dei omringa styrkane ikkje fekk overgi seg. Luftbrua svikta. Den 6. arméen svalt sakte og blei stadig meir utmatta.

Dei sovjetiske styrkane konsoliderte posisjonane sine rundt Stalingrad og harde kampar for å redusere lomma byrja. Eit tysk angrep frå sør for å kome dei innestengde styrkane til hjelp, Operation Wintergewitter (vinterstorm), blei stoppa av sovjetstyrkane. Den fulle tyngda av den harde russiske vinteren sette inn. Volga fraus, og det gjorde det lettare for sovjetstyrkane å forsyne sine i byen. Dei innestengde tyske styrkane gjekk raskt tom for brenselolje, medisinske forsyningar og tusenvis byrja døy av frostskader, svolt og sjukdom.

I januar 1943 starta sovjetstyrkane ein ny offensiv, operasjon Saturn; målet var å slå gjennom dei tyske styrkane ved elva Don og ta Rostov. Om denne offensiven blei vellykka ville resten av armégruppe sør bli fanga i Kaukasus. Tyskarane etablerte «mobilt forsvar», ein taktikk der små styrkar heldt byar til panserstyrkar nådde fram. Sovjetstyrkane nådde ikkje Rostov, men kampane tvinga von Manstein til å trekkje armégruppe sør A tilbake frå Kaukasus og stabilisere fronten om lag 250 km frå byen. Den 6. arméen var no håplaust fortapt, men styrkane i Stalingrad fekk ikkje beskjed om dette og heldt fram med å tru at hjelp var undervegs.

Sovjetisk siger[endre | endre wikiteksten]

Dei tyske styrkane inne i lomma trekte seg tilbake frå forstadene og inn i sjølve Stalingrad. Tapet av dei to flyplassane ved Pitomnik og Gumrak sette stopp for forsyningar og sjanse for evakuering av sjuke. Tyskarane var no utsvelta og i ferd med å gå tom for ammunisjon. Dei sovjetiske styrkane var på si side overraska over kor store tyske styrkar dei hadde stengt inne og måtte forsterke styrkane sine. Harde kampar byrja på ny inne i Stalingrad, men no var det tyskarane som blei pressa tilbake til breidda av Volga.

Den 30. januar, på tiårsdagen for maktovertakinga si, utnemnde Hitler Paulus til feltmarskalk. Ingen tysk feltmarskalk hadde nokon gong blitt teken som krigsfange, og Hitler gjekk ut frå at Paulus anten ville slåst vidare eller gjere sjølvmord. Men Paulus overgav seg da sovjetstyrkar nærma seg hovudkvarteret hans i ruinane av supermarknaden GUM. Restane av dei tyske styrkane i Stalingrad overgav seg 2. februar 1943; 91 000 slitne, sjuke og utsvelta tyskarar blei tekne som fangar. Blant fangane var 22 generalar. Hitler var rasande over feltmarskalken sin kapitulasjon.

Av dei 91 000 tyske krigsfangane overlevde berre 6 000, som hovudsakleg kunne vende heim i 1955. Da dei blei tekne til fange var soldatane alt svekte av sjukdom og matmangel; og frå Stalingrad blei dei sende til fangeleirar over heile Sovjet, der dei fleste døydde av tungt arbeid og feilernæring. Ei lita gruppe toppoffiserar blei tekne til Moskva og bruka til propagandaføremål. Nokre av dei, inkludert Paulus, underteikna fråsegner mot Hitler, og desse blei kringkasta til dei tyske styrkane.

Den tyske befolkninga heime fekk ikkje offisiell informasjon om katastrofen før slutten av januar 1943, sjølv om tyske propagandamedia hadde slutta å kome med positive rapportar nokre veker før nederlaget. Kapitulasjonen ved Stalingrad var ikkje det første alvorlege tilbakeslaget for dei tyske styrkane, men dimensjonane var i ein klasse for seg. Den 18. februar 1943 heldt propagandaminister Joseph Goebbels sin illgjetne tale i sportspalasset i Berlin, der han oppmoda det tyske folket til å godta den totale krigen, som ville krevje alle ressursane deira.

Uansett målestokk er slaget om Stalingrad det største enkeltståande slaget i historia. Det varte i 199 dagar. Tapstal er vanskelege å vite; både fordi slagfeltet var stort, men òg fordi sovjetstyret ikkje ønskte å offentleggjere det, prisen var så høg. I den innleiande fasen gav dei tyske styrkane sovjetstyrkane store tap; men sovjetstyrkane slo tilbake, utsletta heile den 6. arméen og delar av 4. panserarmé. Ulike ekspertar har rekna aksemaktene sine samla tap til 850 000; 400 000 tyskarar, 200 000 rumenarar, 130 000 italienarar og 120 000 ungararar blei drepne, skadde eller forsvann; i tillegg blei 90 000 tekne til fange.

Dei sovjetiske tapa er omdiskuterte. Det er oppgitt at den raude arméen hadde 478 000 drepne og 650 000 såra. Meir enn 40 000 sovjetiske sivile døydde i området under ei einaste veke med tysk bombing, medan den 6. og 4. tyske arméen nærma seg byen. Talet på sivile drepne i områda utanfor byen er ukjent. Totalt var det ein plass mellom 1,7 og 2 millionar offer for slaget.

Stalingrad fekk i 1945 tittelen «Helteby». I 1960 blei eit gigantisk monument av «Mor Russland» reist på toppen av Mamayev Kurgan-høgda ved byen. Statuen er del av eit kompleks med krigsminnesmerke som omfattar ruinar etter slaget. Kornsiloen og «Pavlovs hus» er begge tekne vare på og kan besøkjast. På Mamayev Kurgan kan ein framleis finne beinrestar og andre spor etter slaget.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

1.Anslag for tap er frå engelskspråkleg Wikipedia. Tapstala er svært omtrentlege og kan sannsynlegvis berre bli ein indikasjon på kor mange som døydde eller blei såra i slaget. 2.Beevor si bok om Stalingrad 3.http://stalingrad-info.com/stalingrad1942.htm

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Beevor, Anthony, omsett av Knutsen, Bertil (1998), Stalingrad, Spartacus, 2007, ISBN 978-82-430-0401-6 William Craig (1973), Enemy at the Gates: the Battle for Stalingrad. New York, Penguin Books. ISBN 0-14-200000-0 Joachim Wieder et al, Stalingrad - Memories and Reassessments, Weidenfeld & Nicholson, 1998. ISBN 1-85409-460-2 Roberts, Geoffrey. Victory at Stalingrad: The Battle that Changed History. New York: Longman, 2002 (paperback, ISBN 0-582-77185-4).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Stalingrad.info - bilete frå slaget og byen

Volgograd State Panoramic Museum offisiell nettstad

Stalingrad, mange bilete frå slaget

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen [1]