Slaget ved Fort Ligonier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 40°14′27″N 79°14′16″W

Slaget ved Fort Ligonier
Del av den franske og indianske krigen
Fort Ligonier.jpg
Planteikning av Fort Ligonier frå 1896
Dato 12. oktober 1758
Stad dagens Ligonier i Pennsylvania
Resultat Britiske siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
usikkert, truleg Charles Phillip Aubry[1] James Burd
Styrkar
440 troupes de la marine og militssoldatar
150 innfødde[1]
over 2000 regulære og militssoldatar[2]
Tap
Små[3] 12 drepne
18 skadde
31 sakna[4]

Slaget ved Fort Ligonier (òg kjend som Slaget ved Loyalhanna eller Slaget ved Loyal Hannon) var eit slag i den franske og indianske krigen. Den 12. oktober 1758, vart franske og indianske styrkar frå det nærrligande Fort Duquesne drivne attende i eit åtak på den britiske utposten Fort Ligonier, som då framleis var under oppbygging.

Kommandant for britane var oberst James Burd. Han hadde plassert ut fleire menn for å halde vakt over forsyningane og dyr som beita i nærleiken. Desse vart hardast råka av åtaket. Lyden av geværskot nådde fortet og Burd sendte ut ein bataljon som raskt vart driven tilbake til fortet av franskmennene. Garnisonen var på kring 2000 mann. Franskmennene og indianarane vart drivne attende av det britiske artilleriet og venta til mørket senka seg før dei gjorde eit nytt åtak. Franskmennene prøvde å ta ein av reduttane, men då lyset kom vart dei igjen drivne bort av artilleriet. Dei tok livet av eller tok med seg om lag 200 hestar før dei vendte attende til Fort Duquesne.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Fort Ligonier» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Cubbison, Douglas R (2010). The British Defeat of the French in Pennsylvania, 1758: A Military History of the Forbes Campaign Against Fort Duquesne. Jefferson, NC: McFarland. ISBN 9780786447398. OCLC 475664242. 
    • Fowler, William M (2005). Empires at war: The French and Indian War and the Struggle for North America 1754-1763.. New York: Walker & Company. ISBN 0-8027-1411-0. 
    • James, Alfred Procter, et al (2005). Drums in the forest: Decision at the Forks. University of Pittsburgh Press. ISBN 9780822958833. 
    • O'Meara, Walter (1965). Guns at the Forks. Englewood Cliffs, NJ: Prentice Hall. OCLC 21999143. 
  1. 1,0 1,1 James et al, s. 51..
  2. Cubbison, s. 142
  3. Cubbison, s. 144
  4. O'Meara, s. 206
  5. Cubbison, s. 143