Slaget ved Jumonville Glen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Jumonville Glen
Del av den franske og indianske krigen
Washington Pennsylvania Mapb.jpg
Washington sitt kart over Ohioelva og det omliggande området med notat om dei franske planane, 1753 eller 1754.
Dato 28. mai 1754
Stad Near present-day Uniontown, Pennsylvania
Resultat Kolonisiger
Partar
Kolonien Virginia
Ohio-irokeserar
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
George Washington
Tanacharison
Flagget til Frankrike Joseph Coulon de Villiers de Jumonville 
Styrkar
40 kolonimilits
12 irkoesarkrigarar[1]
50 soldatar[2]
Tap
1 drepen
2-3 skadde[3]
10-12 drepne
2 skadde
21 fanga[1]

Slaget ved Jumonville Glen, òg kjend som Jumonville-saka, var det første slaget i den franske og indianske krigen, utkjempa 28. mai 1754 nær dagens Uniontown i Pennsylvania. George Washington hadde vorte sendt til Ohio Country, eit område som både britiske og franske kolonistar kjempa om, som ein britisk utsending i desember 1753, for å fortelje franskmennene, som bygde fort i området, om å forlate området. Dei franske offiserane sa høfleg i frå til Washington at dei ikkje var nøydde til gjere som han sa og at dei meinte å verte verande, sidan brevet ikkje hadde vorte adressert til generalen eller guvernøren deira som var ansvarleg.

Bilete av slagstaden i 2007.

Washington reiste attende til Virginia og informerte guvernør Robert Dinwiddie om at franskmennene nekta å forlate området. Guvernøren samla førti mann under kaptein William Trent i mars 1754 og sendte dei til området der elvane Allegheny og Monongahela renn saman, for å byggje eit fort. Franskmennene sendte tusen mann for å drive bort britane og byggje ferdig fortet dei hadde starta på. Fortet fekk namnet Fort Duquesne. Mot slutten av april 1754, reiste Washington med 120 militssoldatar attende til Ohiodalen. Claude-Pierre Pécaudy de Contrecoeur sendte Joseph Coulon de Jumonville med 30 mann for å stadfeste at Washington hadde invadert fransk territorium. Jumonville og mennene hans forlet Fort Duquesne den 23. mai. Morgonen den 28. mai gjekk Washington til åtak mot dei sovande soldatane med bajonettar, for å ikkje vekke dei. Britane tok livet av 10 soldatar og fanga 21. Jumonville, som var skadd, vart drepen medan han las opp eit krav til Washington. Denne treffinga var starten på striden som etter kvart utvikla seg til sjuårskrigen i 1756.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Jumonville Glen» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2010.
  • Lengel, Edward (2005). General George Washington. New York: Random House Trade Paperbacks. 
  • Fowler, William M (2005). Empires at war: The French og Indian War og the Struggle for North America 1754-1763. New York: Walker & Company. ISBN 0-8027-1411-0. 
  • Dinwiddie, Robert (1971). The Official Records of Robert Dinwiddie. New York: AMS Press. 
  • Lacoursière, Jacques (1983). l'histoire vivante des Canadiens. Montreal: Livre-Loisir Ltée. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lengel s.37
  2. Lengel s.36
  3. Lengel s.38