Slaget ved Monongahela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Monongahela
Del av den franske og indianske krigen
Braddock's death at the Battle of Monongahela 9-July-1755.jpg
Gravering frå 1800-talet av dødsfallet til generalmajor Braddock i Slaget ved the Monongahela.
Dato 9 juli 1755
Stad nær dagens Braddock i Pennsylvania
Resultat Avgjerande fransk og indiansk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Indianske stammer
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia
Kommandantar
Flagget til Frankrike Liénard de Beaujeu 
Flagget til Frankrike Jean-Daniel Dumas
Flagget til Frankrike Charles de Langlade
Det britiske flagget Edward Braddock 
Det britiske flagget George Washington
Styrkar
637 innfødde
108 troupes de la Marine
146 milits
[1]
1300 regulære og kolonimilits[1]
Tap
30 drepne
57 skadde[2]
500+ drepne[1]

Slaget ved Monongahela fann stad 9. juli 1755 i nærleiken av Braddock i Pennsylvania, 15 km oppfor Pittsburgh under den franske og indianske krigen. Ein britisk styrke under general Edward Braddock skulle ta Fort Duquesne, og vart slått av ein fransk og indiansk styrke.

Nederlaget markerte slutten på Braddock-ekspedisjonen som britane hadde håpa skulle erobre Fort Duquesne og få kontroll over det strategiske Ohio Country. Braddock vart dødeleg skadd i slaget og døydde under tilbaketrekkinga. Resten av soldatane trekte seg sørover og fortet vart verande hos franskmennene til det vart erobra i 1758.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Braddock hadde reist til Nord-Amerika som øvstkommanderande for dei britiske styrkane der. Han hadde om lag 2200 mann då han forlet Fort Cumberland i Maryland den 29. mai.[3] Med seg hadde han obersten frå Virginia, George Washington, som hadde leia ekspedisjonen til området året før.

Målet var å ta Fort Duquesne der fleire elvar renn saman og dannar Ohioelva, og etter dette skulle han dra vidare til Fort Niagara og få kontroll over Ohio.

General Edward Braddock

Braddock møtte på fleire vanskar undervegs. Han hadde få lokale indianarar med seg som speidarar, og vegen var for smal til å dra artilleri- og forsyningsvogner med seg. Han delte derfor styrken i to og drog avgarde med 1300 soldatar, medan kanonane og vognene kom etter.[3]

9. juli kryssa han og mennene Monongahelaelva, berre nokre kilometer frå målet. Trass i at dei var særs slitne etter å ha kryssa eit særs hardt terreng, trudde mange at det ville oppnå ein relativt enkel siger, eller at franskmennene til og med skulle forlate fortet så snart dei nærma seg.[4]

Fort Duquesne hadde fram til nyleg hatt eit svakt fosvar, men hadde no vorte forsterka kraftig.[5] Claude-Pierre Pecaudy de Contrecoeur, den franske kommandanten i fortet, hadde kring 1600 franske troupes de la Marine, kanadiske militsmenn og indianske allierte.

Conrecoeur var uroa over framrykkinga til britane og sendte kaptein Liénard de Beaujeu med rundt 800 soldatar, hovudsakleg indianarar, for å halde oppsyn med framrykkinga.[6]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene og indianarane kom for seint fram for å setje opp eit bakhaldsåtak. Dei trefte brått på fortroppen til britane, kommandert av oberstløytnant Thomas Gage. Han gav mennene sine ordre om å opne eld mot fienden mellom trea, og trass i lang avstand for musketteld, mista kaptein Beaujeu livet i dette åtaket.

Indianarane fann stillingane sine og gjorde seg klar til åtak. Dei kjempa på indianske jaktmarker, som høvde godt til taktikken deira med mange tre og kratt mellom store opne område. Om lag hundre kanadiarar flykta attende til fortet, medan kaptein Dumas kalla saman resten av dei franske soldatane.

Då dei kom under kraftig eld, tok fortroppen til Gage imot tap og trekte seg attende. Dei møtte så hovudarmeen til Braddock, som hadde rykt framover då dei høyrte skot. Trass i at dei var langt fleire enn fienden, var britane frå starten av på defensiven. Dei fleste av dei regulære soldatane var ikkje vande til å kjempe i skog og var livredde den dødelege muskettelden. Det oppstod forvirring og fleire britiske troppar skaut på kvarandre.[7] Heile kolonnen kom i uorden då den kanadiske militsen og indianarane omringa dei og stadig skaut ned folk på den britiske flanken frå skogen på begge sider av vegen britane oppheldt seg på. Dei franske regulære rykte framover langs vegen og byrja å presse britane attende. General Braddock reid fram for å salme mennene sine, som hadde mista all orden.

Ruta til Braddock-ekspedisjonen.

Med Braddock i føringa prøvde offiserane å få orden i troppane sine langs vegen, men dette var stort sett forgjeves og soldatane var lette mål for fienden som låg i skjul i skogen. Kanonane vart nytta, men i det avgrensa området på kvar side av vegen, var dei lite effektive. Fleire av hestane Braddock reid på vart skotne, men han heldt fatninga og var det einaste teiknet på orden for dei redde britiske soldatane.[7] Mange av amerikanarane mangla treninga dei britiske regulære hadde til halde stand, og flykta og skjulte seg bak trea, der ein trudde dei var fiendar og vart skotne på.[7] Baktroppen til britane, som bestod av soldatar frå Virginia, klarte å kjempe effektivt frå trea, noko dei hadde lært dei føregåande åra.[8]

Trass i ugunstige tilhøve, klarte britane etter kvart å stå urokkeleg og skyte attende mot fienden. Braddock trudde at fienden etter kvart ville bukke under når dei møtte disiplinen til mennene hans. Etter tre timar med intense kampar, vart til slutt Braddock skoten i lunga av ein indiansk snikskyttar og motstanden kollapsa. Han fall frå hesten, hardt skadd, og vart boren attende til tryggare grunn av mennene sine. Utan at britane hadde nokon til å gje ordre lenger, starta dei tilbaketrekkinga. Tilbaketrekkinga skjedde i orden, fram til dei nådde Monongahela River, der dei vart angripne av indianarar med økser og skalperingsknivar. Britane fekk panikk og braut ut av rekkjene sine, då dei trudde i var i ferd med å verte massakrerte.

Sjølv om han ikkje hadde noko offisiell posisjon i kommandovegen, klarte oberst Washington å halde noko orden og danna ein baktropp, som gjorde at resten av styrken klarte å frigjere seg. Ved solnedgang flykta britane ned same veg dei hadde kome opp, berande på dei såra soldatane sine. Indianarane følgde ikkje etter dei, men starta i staden å skalpere og plyndre dei skadde og døde etterlatne.[9]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Av dei om lag 1300 mennene Braddock førte inn i slaget, vart 456 drepen og 422 skadde. Utskrivne offiserar var hovudmål og gjekk på store tap. Av 86 offiserar vart 26 drepne og 37 skadde. I tillegg hadde om lag 50 kvinner vore med britane som hushjelper og kokker, og berre fire av desse returnerte med britane, medan rundt halvparten vart tekne til fangar. Franskmennene og indianarane rapporterte berre få tap.

Braddock døydde av skadane sine den 13. juli, fire dagar etter slaget og vart gravlagd på vegen nær Fort Necessity.

Oberst Thomas Dunbar tok kommandoen over dei gjenverande soldatane. Han forstod at det var lite truleg at dei ville klare å erobre Fort Duquesne, og trekte seg attende. Han gav ordre om å øydelegge forsyningane og kanonane før tilbaketrekkinga til Philadelphia.

Slaget var eit av dei største nederlaga i britisk kolonihistorie.[10] Det markerte slutten på Braddock-ekspedisjonen, som mange trudde hadde vore ein overveldande styrke som kunne ta Ohio Country. Det gjekk opp for mange i London kor stor styrkar som måtte til for å slå franskmennene og indianarane i Nord-Amerika.[11]

Britane lærte mykje av feila sine under slaget, og nytta seinare i langt større grad tiraljørar, ofte med rifler, som kunne dekke hovudtroppen for slik knusande eld, som dei hadde bukka under for i dette slaget. Dei nytta denne taktikken både seinare i den franske og indianske krigen og i den amerikanske sjølvstendekrigen.

Franskmennene dominerte Ohio Country dei neste fire åra og fekk mange tidlegare nøytrake indianarstammer over på si side.[10] Franskmennene måtte til slutt forlate Fort Duquesne i 1758 under Forbes-ekspedisjonen.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Slaget er tema i romanen Savage Wilderness av Harold Coyle.

Fordi slaget spelte ei viktig rolle i karrieren til George Washington, er det ofte omtalt i skildringar av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Borneman s.55
  2. Borneman s.55—Franskmennene:28 drepne 28 skadde, indianarar:11 drepne 29 skadde
  3. 3,0 3,1 Anderson s.96
  4. Anderson s.97
  5. Dull s.31
  6. Anderson s.98-99
  7. 7,0 7,1 7,2 Anderson s.102
  8. Anderson s.102-3
  9. Anderson s.103-4
  10. 10,0 10,1 McLynn s.35
  11. McLynn s.35-36