Slaget ved Signal Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Signal Hill
Del av sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen
Signal Hill St John's NF.jpg
Signal Hill
Dato 15. september 1762
Stad St. John'sNewfoundland
Resultat Britisk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia
Kommandantar
Guillaume de Bellecombe William Amherst
Styrkar
295 regulære soldatar 200 regulære soldatar og provinssoldatar
Tap
20–40 døde eller skadde 4–5 døde
19 skadde

Slaget ved Signal Hill fann stad 15. september 1762 og var ei lita småtreffing og det siste slaget i den nordamerikanske delen av sjuårskrigen. Britane under oberstløytnant William Amherst tvinga franskmennene til å overgje St. John's, som dei hadde erobra tidlegare på året i eit overraskande åtak.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1762 hadde Frankrike og Storbritannia kriga mot kvarandre i åtte år og ønskte begge no fred med kvarandre. Den lange britiske blokaden av franskekysten hadde tvunge den franske økonomien i kne, og hadde hindre den franske marinen frå å støtte dei franske koloniane rundtom på jorda. Dette gjorde at mange av koloniane deira vart erobra. For å byggje opp att den franske marinen i fredsåra, trur ein at dei trengde tilkomst til fiskeriaNewfoundland og derfor sende dei avgarde eit tokt for å erobre øya før fredsforhandlingane starta. Dette skjedde i mai 1762 då ein liten styrke under Chevalier de Ternay kom seg ut frå Brest og forbi blokkaden og la over Atlanterhavet.[1]

Fransk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Den 27. juni 1762 tvinga dei franske styrkane under Comte d'Haussonville britane til å gje frå seg St. John's. Dei neste vekene klarte d'Haussonville, etter ordre frå Chevalier de Ternay, å forsterke den franske stillinga på Newfoundland. Forsvarssystemet hans bestod av fleire utpostar med artilleri rundt Signal Hill, eit strategis punkt som låg høgare enn det kringliggjande området.

Den 13. september 1762 gjekk britane i land ved Torbay, eit par kilometer lenger nord. Ternay og Haussonville klarte ikkje å stoppe dette, så for å hindre britane, sendte dei ei avdeling til toppen av Signal Hill.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ved daggry den 15. september 1762 klatra dei britiske soldatane opp åsen som franskmennene heldt. Overraskinga var total og trefninga var kort og brutal. Kommandanten til den franske avdelinga, Guillaume de Bellecombe, vart alvorleg skadd. På den britiske sida trefte ei kule foten til ein av offiserane til Amherst, MacDonell. Franskmennene trekte seg tilbake til fortet.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Nær slutten av slaget hadde britane fått kontroll over Signal Hill. Med denne sterke stillinga klarte dei å tvinge den franske garnisonen i St. John's til å overgje seg tre dagar seinare.[2]

Det franske åtaket på Signal Hill

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dull s.226
  2. Newfoundland Grand Banks. «Recount of William Amherst Journal». http://ngb.chebucto.org/Articles/amherst-1762.shtml. Henta 2. januar 2010.