Slaget ved Ticonderoga i 1759

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 43°50′29″N 73°23′17″W

Slaget ved Ticonderoga
Del av den franske og indianske krigen
French and Indian War map.png
Kart som syner dei franske og britiske krava i New York og Pennsylvania
Dato 26. og 27. juli 1759
Stad Fort Carillon, nær dagens Ticonderoga i New York
Resultat Franskmennene forlet fortet
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
François-Charles de Bourlamaque Jeffrey Amherst
Styrkar
400[1] 11 376[2]
Tap
40 tekne til fange[3] 5 drepne
31 skadde[1]

Slaget ved Ticonderoga var ein mindre konfrontasjon ved Fort Carillon (i dag Fort Ticonderoga) den 26. og 27. juli 1759, under den franske og indianske krigen. Ein britisk styrke på meir enn 11 000 mann kommandert av general sir Jeffrey Amherst flytta artilleriet sitt til ei høgd over fortet, som var forsvart av 400 franskmenn kommandert av brigadegeneral François-Charles de Bourlamaque.

I staden for å forsvare fortet, trekte de Bourlamaque, som handla under instruksar frå general Louis-Joseph de Montcalm og guvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de Vaudreuil, styrkane sine bort og prøvde å sprenge fortet i lufta. Magasinet med krut vart øydelagd, men murane vart ikkje så alvorleg skadd. Britane okkuperte så fortet, som fekk namnet Fort Ticonderoga. Dei gjorde fleire utbetringar i området og byrja å byggje ein flåte for å gjere militære operasjonar på Lake Champlain.

Den franske taktikken var nok til å hindre armeen til Amherst i å slå seg saman med James Wolfe i slaget ved Abrahamslettene. Men dei batt òg opp 3000 av sine eigne soldatar som ikkje kunne assistere i forsvaret av Quebec.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 McLynn (2004), p. 154
  2. Kingsford (1890), s. 331.
  3. McLynn (2004), s. 155