Slaget ved the Thousand Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved the Thousand Islands
Del av den franske og indianske krigen
Dato 16. til 24. august 1760
Stad St. Lawrence-elva, Thousand Islands nær Ogdensburg i New York og Prescott i Ontario
Resultat Britisk-irokesisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Irokesarføderasjonen
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Jeffrey Amherst Pierre Pouchot
Styrkar
11 000 regulære og militssoldatar
700 irokesarar
300 regulære, militssoldatar og sjømenn
Tap
26 døde
47 skadde (truleg utanom militssoldatar)
300 døde, skadde eller tekne til fange

Slaget ved the Thousand Islands vart utkjempa 16. til 24. august 1760 i øvre St. Lawrence-elva, ved sidan av Thousand Islands, i det som i dag er grensa mellom Canada og USA. Dette vart eit av dei siste slaga mellom britiske og franske styrkar i sjuårskrigen, eller den franske og indianske krigen som han vert kalla i USA.

Slaget fann stad ved Fort Lévis (om lag 1,5 km nedanfor dagens OgdensburgPrescott International Bridge), Point au Baril (dagens Maitland i Ontario) og farvatnet og øyane omkring. Den vesle franske garnisonen i Fort Lévis heldt den langt større britiske armeen i sjakk i over ei veke, og klarte å søkke to britiske krigsskip og øydeleggje eit tredje. Motstanden deira forseinka framrykkinga til britane mot Montréal frå vest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]