Slaget ved Fort Beauséjour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Fort Beauséjour
Del av den franske og indianske krigen
Dato 3. til 16. juni 1755
Stad Nær dagens Sackville i New Brunswick i Canada
Resultat Britisk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia
Kommandantar
Louis Du Pont Duchambon de Vergor Robert Monckton
Styrkar
162 troupes de la Marine
300 Akadisk milits
270 britiske soldatar
2000 New England milits

Slaget ved Fort Beauséjour markerte opninga på ein britisk offensiv i den franske og indianske krigen (den nordamerikanske delen av sjuårskrigen). Frå 3. juni 1755 la ein britisk arme under oberstløytnant Robert Monckton ei omleiring på ein liten fransk garnison ved Fort Beauséjour med mål om å få kontroll over Chignecto-eidet. Å ha kontroll over dette eidet var kritisk for franskmennene, fordi det var den einaste vegen mellom Quebec og Louisbourg på vinterstid. Etter ei to veker lang omleiring, den 16. juni, kapitulerte Louis Du Pont Duchambon de Vergor, kommandanten i fortet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]