Slaget ved Fort Duquesne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 40°26′29.86″N 80°00′39.40″W

Slaget ved Fort Duquesne
Del av den franske og indianske krigen
FortDuquesne.jpg
Denne graveringa av Alfred R. Waud syner britane som okkuperer restane av Fort Duquesne den 25. november.
Dato 14. september 1758
Stad Fort Duquesne, ved dagens Pittsburgh i Pennsylvania
Resultat Fransk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
François-Marie Le marsand de Lignery James Grant  #
Styrkar
500 innfødde og militssoldatar 400 regulære
350 militssoldatar
Tap
8 drepne;
8 skadde[1]
104 drepne;[2]
220 skadde;[2]
18 tekne til fange

Slaget ved Fort Duquesne var eit britiske åtak på eit fransk fort (der Pittsburgh seinare kom til å ligge) som vart driven tilbake med store tap den 14. september 1758, under den franske og indianske krigen.

Åtaket på Fort Duquesne var ein del av dein stor britisk ekspedisjon med 6000 soldatar leia av general John Forbes. Dei skulle drive franskmennene ut av Ohio Country (øvre Ohio River-dalen) og klargjere vegen for ein invasjon av Canada. Forbes gav ordre til major James Grant om å rekognosere i området med 850 mann. Då Grant på eiga hand gjekk til åtak på den franske stillinga, vart styrken hans utmanøvrert og måtte overgje seg etter å ha stort sett vorte øydelagd av franskmennene og deira alliere, leia av François-Marie Le marsand de Lignery. Major Grant vart tekne til fange og dei britiske overlevande trekte seg attende til Fort Ligonier.

Fleire av dei allierte indianarane til franskmennene hadde desertert og styrken til Forbes var på veg med ein styrke som var langt større enn den franskmennene hadde. Dei valte derfor å sprenge magasina sine og brenne Fort Duquesne. I november hadde franskmennene trekt seg ut av Ohio-dalen og dei britiske kolonistane reiste Fort Pitt på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Fort Duquesne» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Steele, Ian K. (1994). Warpaths: Invasions of North America. New York og Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-50822-2. 
    • Stewart, David, Sketches of the Character, Manners and Present State of the Highlanders of Scotland, 2 volumes, John Donald Publishers Ltd., Edinburgh, 1977 (opphavleg publisert i 1822)
  1. Steele, s. 214
  2. 2,0 2,1 Stewart, Volume II, s. 17