Slaget ved Klausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Clausen
Del av den polske arvefølgjekrigen
Clausen1735.jpg
Fransk militærkart over slagstillingane
Dato 20. oktober 1735
Stad dagens Klausen i Tyskland
Resultat Habsburgsk siger
Partar
Flag of France.svg Frankrike Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet (Austerrike, Det tysk-romerske riket)
Kommandantar
Flagget til Frankrike François de Franquetot de Coigny Flagget til Habsburgmonarkiet Friedrich Heinrich von Seckendorff

Slaget ved Klausen (eller Clausen) vart utkjempa den 20. oktober 1735 nær byen Klausen, som då låg i kurfyrstedømet Trier og var ein del av Det tysk-romerske riket, i dag i den tyske staten Rheinland-Pfalz. Franske styrkar kommandert av marskalk François de Franquetot de Coigny vart slått i eit forsøk på å drive bort keisarsoldatane kommandert av Friedrich Heinrich von Seckendorff. Slaget var eit av dei siste viktige trefningane i den polske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den polske arvefølgjekrigen.

Felttogsesongen i 1734 i Rhindalen i den polske arvefølgjekrigen vart avslutta med at Frankrike kontrollerte vestbreidda av Rhinen så langt nord som til Mainz, og styrkane til habsburgarane hadde sterke forsvarsstillingar langs austbreidda. I november 1734 hadde dei krigførande maktene å starta innleiinga til ein fredsavtale, med Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda som meklarar. Trass i desse samtalane, heldt fiendskapen fram i 1735, hovudsakleg nord i Italia, der Spania, som var alliert med Frankrike, ønskte landområde. I Rhindalen flytta franske soldatar kommandert av marskalk Coigny ut av vinterleiren og tok ei meir aggressiv stilling langs Rhinen i løpet av våren og sommaren, men dei var motvillige til å gå ut i kamp mot habsburgarane, som var kommandert av den aldrande Eugene av Savoie.

Tyskarane vart forsterka i august 1735 av meir enn 10 000 russiske soldatar leia av Peter Lascy, og dette var første gongen russiske soldatar nådde Rhinen. Eugene vart kalla til Wien i september for å delta i fredsforhandlingane, og overlet kommandoen over dei tyske soldatane til hertugen av Württemberg. Reichsgraf Friedrich Heinrich von Seckendorff, som kommanderte den tyske sida ved Mainz, fekk løyve av Württemberg til å gå mot den franske venstreflanken i eit forsøk på å presse dei attende mot Trier og vinne terreng mellom elvane Maas og Moselle.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Den 20. september starta styrkane til Seckendorff å krysse Rhinen, og flytta mot Moselle. Han kommanderte totalt 41 bataljonar med ein effektiv styrke på om lag 35 000 mann. Same dagen forlet tilfeldigvis marskalk Belle-Isle, som kommanderte den franske venstreflanken, Kaiserslautern med ein stor avdeling som skulle stasjonerast ved Trier for furasjering. Dei nådde fram den 27. og Belle-Isle overlet kommandoen til Comte de Béthune. Då han nådde attende til det franske hovudkvarteret ved Bad Dürkheim den 29., fekk han vite om manøverane til Seckendorff. Han gav 12 bataljonar ordre om å dra mot Triet, og ytterlegare ni bataljonar følgde frå hovudarmeen ved Oggersheim. Den 6. oktober nådde reservane Trier og dei ni bataljonarne nådde fram dagen etter. Den franske styrken ved Trier bestod no av 29 infanteribataljonar og 66 kavaleriskvadronar, sjølv om styrken var noko svekka av mangel på forsyningar. Belle-Isle gav med ein gong ordre til soldatane om å flytte framover, og tok opp ei forsvarslinje langs Ruwer sør for Moselle. Han sendte òg ei avdeling under marki de Mouchy nordaust mot Lieser for å rekognosere, og den 10. sendte han 1000 mann under Lutteaux for å forsterke styrken til Mouchy.

Seckendorff nådde Stromberg den 5. og marsjerte mot Simmern dagen etter då ein fortropp av ungarsk kavarleri møtte ei avdeling franske dragonar nær Kirchberg. Tyskarane sendte fleire soldatar framover og etter ei kort trefning, tok tyskarane det meste av den franske styrken. Den 8. hadde tyskarane okkupert Trarbach, som dei meinte å nytte som forsyningsdepot. Medan dei venta på forsyningar, undersøkte Seckendorff den franske stillinga ved Liesern, og tolka det som at franskmennene prøvd eå stoppe potensielle kryssingar av Moselle ved denne staden. Han gav soldatane på venstreflanken ordre om å rykke fram mot vest, og dei nådde så langt som til Gräfendhron og truga å avskjere forsynings- og kommunikasjonslinjene til Mouchy, medan hovudstyrken gjekk mot Monzelfeld, søraust for Liesern. Seckendorff sendte så ei avdeling den 15. oktober for å undersøke om Klausen (vest for Trarbach på nordsida av Moselle) var okkupert av franskmennene. Han fann byen tom for soldatar og sendte eit kompani på 40 hussarar til klosteret. Dagen etter gjekk ei fransk avdeling (25 infanterikompani og 800 kavaleristar) til åtak på klosteret, og valte å trekkje seg attende då tyske forsterkingar frå Wittlich nådde fram. Seckendorff gav så ordre til brigaden til baron Stein, inkludert 300 illyriske soldatar, om å gå til Klausen. Forseinkingar i å få sendt av stad forsyningar frå forsyningsdepota ved Rhinen, tvinga Seckendorff til å stoppe framrykkinga. Men dette var nok til at Mouchy trekte seg bort frå Liesern, og Seckendorff kunne då opprette ei pongtongbru her.

Den 11. oktober valte marskalk Coigny å komme Belle-Isle til hjelp. Han forlet hovudkvarteret ved Rhinen og flytta større delar av armeen sin mot Kaiserslautern og Trier. Fortroppar nådde Trier den 17. og Belle-Isle valte å flytte framover. Den 19.k oktober kryssa han Moselle like nedanom Trier og slo leir på nordbreidda av Moselle. Seckendorff, som hadde byrja å krysse Liesern den 18., fekk melding om denne manøveren. Sjølv om han hadde planlagt å slå leir ved Osann, fekk denne meldinga han til å endre planane sine. Seint den 19. oktober gav han ordre til infanteriet til Georg av Hessen, og kavaleriet på venstreflanken, om å krysse Moselle ved 0400 og marsjere mot Klausen. Desse soldatane, som kryssa ved Liesern og Bernkastel, var venta å nå fram til Klausen kring middagstider.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Marskalk Coigny sendte soldatane sine av stad tidleg den 20. oktober. Soldatane marsjerte nordover til Hetzerath, der dei vendte aust og marsjerte gjennom ein smal passasje for å nå Salm mellom Esch og Rivenich, like vest for Klausen. Seckendorff observerte at dei var på veg, som òg hadde stått opp tidleg og ridd vestover for å rekognosere. Då dei franske styrkane kom ut av passasjen og ut i elvedalen, sendte Coigny venstreflanken sin, 36 grenaderkompani under Phelippes mot Esch. Dette vart etterfølgd av soldatane til Belle-Isle, 33 infanteribataljonar og 68 kavaleriskvadronar, så 17 infanteribataljonar og 40 kavaleriskvadronar frå Rhinen-armeen til Coigny, som tok til høgre for å ta høgda ovanom Rivenich.

Seckendorff hadde gjeve nokre av det ungarske kavaleriet sitt ordre om å angripe den franske fortroppen då han først oppdaga dei. Dette gjorde dei kring 1100, men vart drivne attende. Då det vart klart at mesteparten av den franske armeen var på veg, sendte han 10 grenaderkompani for å halde brua ved Rivenich, og 20 kavaleriskvadronar frå høgre for å støtte venstresida. Då desse manøvrane fann stad, byrja hjelpeinfanteriet å nå fram til høgdene ovanom Klausen.

Kring 1400 nådde dei franske kolonnane høgdene ovanom Esch og Rivenich. Coigny gav brigader Rieux, som kommanderte høgreflanken, ordre om å sikre brua ved Rivenich, og gav Phelippes, til venstre for seg, ordre om å sikre Esch. Dei mindretalige keisarstyrkane som heldt brua ved Rivenich gav etter, og franskmennene fekk kontroll over brua, men byrja ikkje umiddelbart å krysse brua. Seckendorff gav fem grenaderkompani ordre om å forsterke dei som var til venstre for seg. Det gjekk sakte med dei franske soldatane som gjekk mot Esch på grunn av vanskeleg terreng. Seckendorff sette ut to kanonar sør for Esch, og gjorde den franske framrykkinga på denne fronten vanskelegare. Då dei fleste styrkane hans var framme kl. 1600, valte Seckendorff å ta attende brua ved Rivenich, medan dei to sentra i armeen var oppteken med artilleriskyting over Salm.

For å ta brua sendte Seckendorff ytterlegare seks grenaderkompani, tre bataljonar med dansk infanteri, ein pommersk bataljon, og nokre ungarske kavaleristar mot Rivenich. Coigny såg at høgreflanken hans kom til å verte i mindretal mot denne styrken og trekte soldatane sine bort frå brua og forlet Rivenich. Seckendorff nytta høvet og sendte styrken sin over elva for å angripe flanken til Coigny, medan han samstundes fleire kavalerikompani over elva nær Esch for å angripe den franske venstreflanken. Det franske infanteriet avfyrte muskettsalvar mot det angripande kavaleriet, og dei byrja å falle attende mot sentrum. Det vart snart mørkt og begge sider trekte seg ut.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Av keisarinfanteriet vart 22 drepne og 76 skadde, medan kavaleriet mista 23 menn og 40 hestar, samt 17 skadde av kvar, i tillegg var tre menn og sju hestar sakna. Franskmennene fekk 200 drepne og skadde.

Marskalk Coigny inspiserte stillinga til Seckendorff og kom fram til at ho var for sterk til å angripast, og trekte seg derfor attende til Hetzerath dagen etter. Seckendorff sendte baron Diemar med det ungarske og tyske kavaleriet for å angripe den franske baktroppen. Den franske disiplinen var derimot sterk og keisarstyrken fekk berre tak i nokre få forsyningsvogner og hestar. Coigny måtte trekkje seg lenger attende då han fekk rapportar om ein manøver mot venstreflanken sin nær Föhren, men dette var berre ein forsyningskaravane som førte forsyningar til Seckendorff frå Luxembourg. Stor mangel på forsyningar tvinga Coigny til å dele soldatane sine på kvar side av Mosell, noko som var risikabelt med fienden i nærleiken. Manøvrane til Seckendorff utnytta ikkje dette, men Coigny hadde, utanom eit par lommer, trekt seg heilt tilbake frå nrodsida av Mosell den 28. oktober. Den 31. oktober fekk Coigny vite at det var forhandla fram ein våpenkvileavtale i samband med dei pågåande fredsforhandlingane. Denne meldinga nådde Seckendorff den 12. november.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 49°53′17.99″N 6°50′52.39″E