Surfin' Safari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Surfin' Safari
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 1. oktober 1962
Innspelt 3. oktober 1961,
19. april, 8. august,
5-6. september 1962
Sjanger Surferock
Lengd 24:53
Selskap Capitol
Produsent Nick Venet, Murry Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
Surfin' Safari Surfin' USA
(1963)

Surfin' Safari er debutalbumet til The Beach Boys, utgjeve i 1962. Surfin' Safari er i dag gjeven ut på CD i lag med Surfin' USA og bonusspor frå perioden. Surfin' Safari nådde 32. plass på den amerikanske albumlista og vart liggande på lista i 37 veker. Dette var den lågaste plasseringa for eit Beach Boys-album fram til Smiley Smile i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1961 skreiv syskenborna Brian Wilson og Mike Love ein song om surfing som heitte «Surfin'» etter ønske frå bror til Brian, Dennis Wilson. Dei danna raskt eit band og tok inn den yngste Wilson-broren, Carl på sologitar og skulekamaraten Al Jardine på rytmegitar. Brian spelte bass, Dennis trommer og Mike Love vart frontmann, medan alle song harmonivokal arrangert av Brian. Songen kom ut i desember dette året og var produsert av Hite og Dorinda Morgan. «Surfin'» nådde 75. plass i USA tidleg i 1962.

Faren Murry Wilson vart manager for bandet og han gjekk til Capitol Records med ei demoinnspeling. The Beach Boys fekk kontrakt og «Surfin' Safari» vart gjeven ut som singel i juni 1962. Al Jardine forlet bandet før demoinnspelinga og vart erstatta av venen til Carl, David Marks, fram til hausten 1963, då Jardine kom tilbake.

Både «Surfin' Safari» og B-sida «409» vart hittar (førstnemnde nådde 14. plass i USA) og Capitol Records godkjente planane om eit heilt album. Brian Wilson, som ofte samarbeida med Mike Love og Gary Usher, skreiv mesteparten av songane.

Surfin' Safari vart visstnok i røynda produsert av Brian Wilson, sjølv om Nick Venet offisielt står tilskriven som produsent. Den andre singelen frå albumet, «Ten Little Indians», vart ikkje like populær, og nådde berre 49. plass. Mike Love og Brian Wilson song oftast solovokal, men Dennis Wilson song første gong solovokal på «Little Girl (You're My Miss America)».

Omslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner bandet på ei strand ved Paradise Cove, nord for Malibu. Bilete vart teken av Capitol sin eigen fotograf, Kenneth Veeder.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Surfin' Safari» (B. Wilson, Love) Mike Love 2:05
2. «County Fair» (B. Wilson, Usher) Mike Love 2:15
3. «Ten Little Indians» (B. Wilson, Usher) Mike Love 1:26
4. «Chug-A-Lug» (B. Wilson, Usher, Love) Mike Love 1:59
5. «Little Girl (You're My Miss America)» (V. Catalano, H. Alpert) Dennis Wilson 2:04
6. «409» (B. Wilson, Love, Usher) Mike Love 1:59
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
7. «Surfin'» (B. Wilson, Love) Mike Love 2:10
8. «Heads You Win - Tails I Lose» (B. Wilson, Usher) Mike Love 2:17
9. «Summertime Blues» (Eddie Cochran, Jerry Capehart) Carl Wilson 2:09
10. «Cuckoo Clock» (B. Wilson, Usher) Brian Wilson 2:08
11. «Moon Dawg» (Derry Weaver) Instrumental 2:00
12. «The Shift» (B. Wilson, Love) Mike Love 1:52

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Surfin' Safari» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Surfin' Safari/Surfin' USA CD booklet notes, David Leaf, c.1990.
    • «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994.
    • «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
    • «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]