Regjeringa Willoch
Kåre Willoch si regjering vart utnemnd den 14. oktober 1981 som ei rein Høgre- regjering. Regjeringa var då ei mindretalsregjering som var avhengig av støtte frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Stortinget. Krf ville ikkje gå med i regjeringa på grunn av haldninga si til abortlova. Det var likevel eit ynskje frå mange å få til ei fleirtalsregjering, og 8. juni 1983 vart regjeringa utvida til ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Etter Stortingsvalet 1985 mista desse tre partia fleirtalet sitt i Stortinget og Framstegspartiet hamna i vippeposisjon. Regjeringa heldt fram som ei mindretalsregjering fram til 8. mai 1986. Ho måtte då gå av etter eit kabinettspørsmål i Stortinget om auka bensinavgifter.
- Kåre Willoch, H (14. oktober 1981 – 8. mai 1986)
Statsråd i Finansdepartementet
- Rolf Presthus, H (14. oktober 1981 – 24. april 1986)
- Arne Skauge, H (25. april 1986 – 8. mai 1986)
Statsråd, Industridepartementet
- Jens-Halvard Bratz, H (14. oktober 1981 – 15. september 1983)
- Jan P. Syse, H (16. september 1983 – 3. oktober 1985)
- Petter Johan Thomassen, H (4. oktober 1985 – 8. mai 1986)
Statsråd, Handelsdepartementet
Statsråd, Forsvarsdepartementet
- Anders Christian Sjaastad, H (14. oktober 1981 – 24. april 1986)
- Rolf Presthus, H (25. april 1986 – 8. mai 1986)
Statsråd, Fiskeridepartementet
- Thor Listau, H (14. oktober 1981 – 3. oktober 1985)
- Eivind Kristofer Reiten , Sp (4. oktober 1985 – 8. mai 1986)
Statsråd, Helse- og Sosialdepartementet
Statsråd, Samferdsledepartementet
- Inger Koppernæs, H (14. oktober 1981 – 7. juni 1983)
- Johan Jakob Jakobsen, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kommunal- og Arbeidsdepartementet
- Arne Rettedal, H (14. oktober 1981 – 8. mai 1986)
Statsråd, Olje- og Energidepartementet
- Vidkunn Hveding, H (14. oktober 1981 – 7. juni 1983)
- Kåre Gudbrand Kristiansen, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Justisdepartementet
- Mona Scobie Røkke, H (14. oktober 1981 – 3. oktober 1985)
- Wenche Frogn Sellæg, H (3. oktober 1985 – 8. mai 1986)
Statsråd, Familie- og Administrasjonsdepartementet
- Astrid Gjertsen, H (14. oktober 1981 – 17. april 1986)
- Astrid Nøkkelby Heiberg, H (14. oktober 1981 – 8. mai 1986)
Statsråd, Landbruksdepartementet
- Johan Christen Løken, H (14. oktober 1981 – 7. juni 1983)
- Finn T. Isaksen, Sp (8. juni 1983–3. oktober 1986)
- Svein Sundsbø, Sp (4. oktober 1986–8. mai 1986)
Statsråd, Miljøverndepartementet
- Wenche Frogn Sellæg, H (14. oktober 1981 – 7. juni 1983)
- Rakel Surlien, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet
- Tore Austad, H (14. oktober 1981 – 7. juni 1983)
- Kjell Magne Bondevik, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet (kultursaker)
Statsråd, Kultur- og Vitskapsdepartementet
Statsråd, konsultativ
Statsråd, Departementet for utviklingshjelp
Sjå også [endre]
Kjelder [endre]
Regjeringa Willoch hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010
| Føregjengar Regjeringa Brundtland I |
Norske regjeringar 1981–1986 |
Etterfylgjar Regjeringa Brundtland II |