Underordenen Tyranni
| Tyranni | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Underorden: | Tyranni | |
| Infraordnadar | ||
|
||
Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld rundt 1200 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.
Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.
Systematikk[endre]
Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.
- Eurylaimides inneheld suboscines i «den gamle verda» - hovudsakleg distribuert i tropiske område rundt Det indiske havet. Ein einskild amerikansk art, sapayoa er i sin eigen familie.
-
- Calyptomenidae, (engelsk: 'African and Green Broadbills'), 6 artar i 2 slekter
- Eurylaimidae, breinebb, 9 artar i 6 slekter
- Sapayoidae, eit artstakson sapayoa, i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika
- Philepittidae, asitiar, 4 artar endemiske til Madagaskar
- Pittidae, pittaer, 34, dei fleste i Asia
- Tyrannides samlar alle suboscine artar i Amerika, unntaket er amerikanske sapayoa. Rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[1]
-
- Thamnophilidae, maurfuglar, 223 artar i 48 slekter
- Melanopareiidae, månesmettar, 4 artar i ei slekt
- Conopophagidae, myggetarar, 10 artar i 2 slekter
- Grallariidae, maurpittaer, 52 artar i 4 slekter
- Rhinocryptidae, tapakuloar, 56 artar i 12 slekter
- Formicariidae, maurrikser, 11 artar i 2 slekter
- Furnariidae, omnfuglar, 295 artar i 73 slekter
- Tyrannidae, tyrannar, 411 artar i 97 slekter
- Oxyruncidae, skarpnebb, ein art
- Cotingidae, kotingaer, 66 artar i 26 slekter
- Pipridae, manakinar, 54 artar i 14 slekter
- Tityridae, tityraer, 29 artar i 7 slekter
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Tyranni» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011
- Harshman, John. 2007. Suboscines. Version 18 September 2007. I The Tree of Life Web Project Lest 3. februar 2011
Referansar[endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012