Stortingets utanrikskomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Utanrikskomiteen)

Stortingets utanrikskomité er ein tidlegare fagkomitéStortinget. Han blei oppretta 22. oktober 1993, og avløyste då Stortingets utanriks- og konstitusjonskomité. Komiteen blei lagt ned 30. september 2009, og blei då erstatta av Utanriks- og forsvarskomiteen.

Arbeidsoppgåver[endre | endre wikiteksten]

Stortingets utanrikskomité handsama mellom anna saker om utanrikspolitikk, utviklingshjelp, internasjonale avtalar, Svalbard og polarområda. Utanrikskomiteen hadde 14 medlemmer. Desse var også medlemmar av Stortingets utvida utanrikskomité, og av EØS-utvalet. Utanrikskomiteen hadde hovudsakleg ein førebuande funksjon; den førebudde saker som skulle handsamast i plenum i Stortinget. Vidare hadde den i prinsippet ein kontrollfunksjon i det den hadde ansvaret for å føre kontroll med regjeringa sin politikk. Komiteen var vanlegvis ikkje eit forum for utanrikspolitisk debatt.

Den utvida utanrikskomiteen[endre | endre wikiteksten]

Viktige utanrikspolitiske, tryggingspolitiske og handelspolitiske saker blei drøfta med regjeringa i Stortingets utvida utanrikskomité. I den utvida komiteen sat dei vanlege medlemmane i utanrikskomiteen, og i tillegg Stortingspresidenten og visepresidenten (viss dei ikkje allereie var medlemmer av komiteen), vidare leiaren i forsvarskomiteen og inntil 11 medlemmar valde av Stortinget etter forslag frå valkomiteen. Medan utanrikskomiteen kunne beskrivast som ein saksførebuande komité, kunne den utvida utanrikskomiteen beskrivast som ein konsulterande komité. Her møtte gjerne utanriksministeren, men også forsvars- eller justisministeren for å gjere greie for aktuelle saker. Ved denne konsultasjonsrolla mellom regjering og storting skilde den utvida utanrikskomiten seg frå arbeidsmåten i dei andre stortingskomiteane. Den var ein politisk tung komité med mange medlemmer, og møta hadde ein formell hierarkisk struktur.[1]

Forhandlingane i den utvida komiteen var hemmelege, viss ikkje anna blei bestemt. Det same gjaldt for fellesmøte denne komiteen hadde med andre komitear. Leiaren kunne bestemme at også innkallinga til møtet skulle vere hemmeleg. [1] Regelen er at møtereferata ikkje skal offentleggjerast før etter 30 år. Hemmeleghaldet har fleire gongar blitt kritisert som unødvendig og udemokratisk.[2]

Den utvida utanrikskomiteen er vidareført i den noverande Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité, som har ei tilsvarande rolle og arbeidsmåte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Komiteen skriv historia si tilbake til 1917 då det som skulle bli den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen blei oppretta med stortingspresident (seinare stats- og utanriksminister) Johan Ludwig Mowinckel som formann. Konstitusjons- og utanrikskomiteen, som den først heitte, blei oppretta som fast komité i 1923 ved utvidinga av konstitusjonskomiteen sine oppgåver, endra namn i 1925, og er teke inn i oversikta over Stortinget sine faste komitear i Stortinget i namn og tal for stortingsperioden 1925–1927 med Carl Joachim Hambro d.e. som formann.

Tre av formennene i perioden frå 1953 har vore statsminister: Gro Harlem Brundtland, Kåre Willoch og Thorbjørn Jagland. Tre har vore utanriksminister: Jan Petersen, Bjørn Tore Godal og Thorbjørn Jagland. Til saman har ni av dei sete i regjering. Av førkrigstida sine komitéformenn står Carl Joachim Hambro d.e. som den uomstridd leiande med 20-årsperioden 1925–1945, rett nok var fem av desse åra i eksil. Då han gjekk ut av Stortinget i 1957 (han var vald representant frå 1919) hadde han vore medlem av komiteen sidan opprettinga, altså i 34 år.

Komitéformenn og -leiarar Parti Periode
Johan Ludwig Mowinckel Venstre 19171918
Ivar Petterson Tveiten Venstre 19191923
Arnold Holmboe Venstre 19231924
Nils Nilsson Skaar Venstre 1924
Carl Joachim Hambro d.e. Høgre 19251945
Terje Wold Arbeidarpartiet 19451949
Finn Moe Arbeidarpartiet 19501965
Bent Røiseland Venstre 19651970
Helge Seip Venstre/DNF 19701973
Tor Oftedal Arbeidarpartiet 19731977
Reiulf Steen Arbeidarpartiet 19771979
Arvid H. Johanson Arbeidarpartiet 19791980
Gro Harlem Brundtland Arbeidarpartiet 19801981
Reiulf Steen Arbeidarpartiet 1981
Kåre Kristiansen Kristeleg Folkeparti 19811983
Jakob Aano Kristeleg Folkeparti 19831985
Jan Petersen Høgre 19851986
Kåre Willoch Høgre 19861989
Gro Harlem Brundtland Arbeidarpartiet 19891990
Bjørn Tore Godal Arbeidarpartiet 19901991
Gunnar Skaug Arbeidarpartiet 19911993
Haakon Blankenborg Arbeidarpartiet 19932000
Thorbjørn Jagland Arbeidarpartiet 2000
Einar Steensnæs Kristeleg Folkeparti 20002001
Thorbjørn Jagland Arbeidarpartiet 20012005
Olav Akselsen Arbeidarpartiet 20052009

Auke i verksemda til komiteen[endre | endre wikiteksten]

Det internasjonale arbeidet i Stortinget blei i tiåra etter krigen stadig meir omfattande, også utanom verksemda til utanrikskomiteen. På byrjinga av 1980-talet oppretta Stortinget eit internasjonalt sekretariat leia av ein person med oppfølgingsansvar for den internasjonale verksemda til Stortinget elles. Utanrikskomiteen sin sekretær blei i 1983 leiar for dette internasjonale sekretariatet. I 1997 blei heile den internasjonale verksemda samla i ei avdeling med komitésekretæren som leiar også for denne nyoppretta internasjonale avdelinga.

I dag er komitésekretæren også avdelingssjef med to underlagde seksjonar – Internasjonalt sekretariat og Nordisk Råds sekretariat med i alt 17 tilsette. Komitésekretæren har dermed eit samla, koordinerande ansvar i administrasjonen for Stortinget si internasjonale verksemd. Avdelinga bistår utanrikskomiteen, den utvida komiteen og EØS-utvalet, og bistår også presidentskapen sitt internasjonale arbeid og delegasjonane til internasjonale parlamentariske forsamlingar – NATO, OSSE, Europarådet, Den interparlamentariske union, EFTA og EØS sine parlamentariske komitear og det bilaterale samarbeidet med Europaparlamentet, Nordisk Råd, Arktisk Råd, Barents-parlamentarikarsamarbeidet og Den parlamentariske østersjøkonferansen. I tillegg til komitésekretæren blir i dag tre medarbeidarar i avdelinga rekruttert frå utanrikstenesta. [3].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
  2. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
  3. Christian Syse (komitésekretær): upublisert notat, 2008