Bjørn Tore Godal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørn Tore Godal

Bjørn Tore Godal (fødd 20. januar 1945) i Skien er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Han er kjend som statsråd i tre departement og tre norske regjeringar:

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Tore Godal har handelsgymnas frå 1964 og blei cand.mag. frå Universitetet i Oslo 1969 med faga statsvitskap, sosiologi og historie.

Godal var sekretær i AUF 1970-71 og formann i AUF 1971-73, utgreiar i Arbeidarpartiet 1973-80, sekretær i Oslo Arbeidarparti 1980-82, leiar i Oslo Arbeidarparti 1982-90 og medlem av DNA sitt sentralstyre frå 1983 til 1990.

Han var stortingsrepresentant i Stortingsperiodane 1985-1989, 1989-1993, 1993-1997 og 1997-2001. Den første perioden var han fast møtande vararepresentant medan Gro Harlem Brundtland var statsminister.

Mellom 2003 og 2007 var han Noreg sin ambassadør til Tyskland. 2007 blei Godal tildelt den nyoppretta stilinga som spesialrådgjevar i internasjonale energi- og klimaspørsmål i Utanriksdepartementet.

Som AUF-leiar 1971-73 var Godal førande i den indre opposisjonen i Arbeidarpartiet mot norsk EF-medlemskap.

Han var seniorrådgjevar ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo 2002-03. Han er gift med Gro Balas, og var tidlegare gift med Sissel Rønbeck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.