Olav Akselsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Akselsen

Olav Akselsen
Foto: Lars Røed Hansen
Fødd28. august 1965
Stord kommune
Død17. august 2021 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Olav Akselsen (fødd 28. august 1965) er sjøfartsdirektør og leiar i Sjøfartsdirektoratet. Han vart utnemnd til stillinga, som er på åremål for seks år, i statsråd 22. august 2008. Akselsen er tidlegare stortingspresentant (1989-2009) og statsråd (olje- og energiminister 2001) for Arbeiderpartiet.

Han vart fødd i Stord i 1965. Den vidaregåande skulen var han ferdig med i 1984. Sidan vart han tilsett på eit prosjekt hjå NIVA (Norsk institutt for vannforskning) (i 1985). Han har ex.phil. (1986) og mellomfag i geografi (1988) frå Universitetet i Bergen. Medan han heldt på med desse studia, arbeidde han også som tømrar ved Sunnhordland bygg.

Akselsen sat i formannskapet i Stord kommune frå 1983 til 1989. I tillegg har han hatt ei rekkje politiske styreverv. Han var både styremedlem i Stord Arbeidarparti og leiar i Stord AUF frå 1983 til 1985. Frå 1985 til 1987 var han leiar i Stord/Fitjar AOF og frå 1985 til 1988 styremedlem i Hordaland AUF. Han har òg vore tiltredande styremedlem i Hordaland Arbeidarparti (1996–2000) og leiar i Stord Arbeidarparti (1998–2001).

Han vart vald inn på Stortinget for Hordaland i 1989 og sat i alle periodane fram til 2009. Der har han vore varamedlem og medlem i ei rekkje komitear, i tillegg til leiar i Justiskomiteen (1993), Energi- og miljøkomiteen (2000), Næringskomiteen (2001–2005) og både Utanrikskomiteen og Den utvida utanrikskomiteen frå 2005 til 2009. I 2000 vart han olje- og energiminister i regjeringa Stoltenberg I. Denne posten hadde han fram til regjeringa vart oppløyst i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]