Norske statsministrar
Norske statsministrar gjev oversyn over riksstatthaldarar og statsministrar i Noreg. Statsministeren er regjeringsleiar og vart peika ut av Kongen til å leia regjeringa med parlamentarisk grunnlag.
Sjølv om tittelen statsminister blei introdusert i 1814, fekk han sitt noverande innhald gjennom reformar i 1873 og 1884. I 1873 avskaffa Oskar II det kvilande statthaldarembetet[1] og rolla som fystestatsråd blei forma om til ein aktiv regjeringsleiar: statsministeren. I 1884 knesette det norske Stortinget prinsippet om parlamentarisme;, det at regjeringa skal gå ut frå eller ha støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga.
Innhaldsliste |
Statthaldarar i dansketida [endre]
Tilhøyrer portrettsamlinga på Frederiksborg slott.
Statthaldarembetet i Noreg vart skipa i 1572 og vara fram til 1739 med avbrot for åra 1583-88. Embetet blei oppretta att i 1750 og lagd ned i 1771.[2]Embetet blei oppretta att under Napoleonskrigane.
Statthaldaren var normalt òg lensherre over Akershus og han var etter tradisjonell meining òg den høgaste myndigheita i Noreg. Men om ein samanliknar med andre lensherrar og - etter 1660 - amtmenn synest han å ha vore den fyste blant likemenn meir enn ein overordna. Påverknaden statthaldarembetet hadde varierte med innehavarane.[3][2] Det er fleire opphald i kontinuiteten. Det kan delvist forklarast med at oppgåvene i embetet var færre i dei fyste åra og at det difor var mindre behov for ein kontinuerleg «jourhavande». Kongen kunne og vente med å nemne ut eller leggja ned embetet om han meinte det tjente han betre ikkje å ha ein sjølvstendig, pro-norsk aktør i Noreg.
- Povel Huitfeldt (1572–1577)
- Ludvig Ludvigsson Munk (1577–1583)
- Axel Gyldenstjerne (1588–1601)
- Jørgen Friis (1601–1608)
- Enevold Kruse (1608–1618)
- Jens Juel (1618–1629)
- Christoffer Urne (1629–1642)
- Hannibal Sehested (1642–1651)
- Gregers Krabbe (1651–1655)
- Niels Trolle (1656–1661)
- Iver Krabbe (1661–1664)
- Ulrik Fredrik Gyldenløve (1664–1699)
- Ove Juel (visestatthaldar) (1669–1674)
- Erik Banner (visestatthaldar) (1679–1681)
- Just Høeg (visestatthaldar) (1682–1694)
- Frederik Gabel (visestatthaldar) (1699–1708)
- Johan Vibe (visestatthaldar) (1708–1710)
- Waldemar Løvendal (1710–1712)
- Claus Henrik Vieregg (visestatthaldar) (1712–1713)
- Frederik Krag (visestatthaldar) (1714–1721)
- Ditlev Vibe (1721–1731)
- Christian Rantzau (1731–1739)
- Embetet lagt ned 1739–50
- Jacob Benzon (visestatthaldar) (1750–1770)
- Karl av Hessen (titulær statthaldar) (1766–1770)
- Jacob Benzon (1770–1771)
- Embetet lagt ned 1771–1809
- Christian August (1809–1810)
- Frederik av Hessen (1810–1813)
- Kristian Fredrik (1813–1814)
Perioden frå 1814 til 1873 [endre]
I det meste av den tida Noreg var i union med Sverige var det ansvaret som i dag ligg til statsministeren delt på fleire roller. Representanten til kongen i landet, og regjeringas leiar, var statthaldaren. Han vart titulert visekonge om det var ein kongeleg som hadde embetet. Ein av statsrådane hadde i tillegg til sitt eiga departement rolla som førstestatsråd eller regjeringens formann.[4]
Førstestatsråd var leiar av regjeringa i dei periodane statthaldarembetet var ledig. Tittelen statsminister blei i den same perioden nytta om den norske regjeringas representant i Stockholm, og denne – som satt nær kongen – hadde rang foran sin kollega i Kristiania.
Stillingane som statsråd var i utgangspunktet embetsstillingar, og for den fyste delen av perioden blir dei fleste statsrådstillingane, og som førstestatsråd og som statsminister i Stockholm, sett på som avansementstillingar for embetsverket. Det skjedde, særleg mellom 1860 og 1884, ein glidande overgang frå embetstillingar til politiske utnemningar.[5]
Statthaldarstriden mellom Stortinget og dobbelmonarken var årsak til at embetet frå 1856 var ubesatt. Etter at Oskar II i 1873 avskaffet embetet, gjekk tittelen statsminister over til å gjelde for leiaren av regjeringa i Noreg.
Statsministrar 1873–1945 [endre]
1940–45: Andre verdskrig [endre]
- Statsminister og leiar for London-regjeringa i eksil 1940–1945: Johan Nygaardsvold
- Statsminister: Vidkun Quisling, (NS) (9.–15. april 1940)
- Formann for Administrasjonsrådet: Ingolf Elster Christensen (15. april–25. september 1940)
- Kommissariske statsrådar (1940–1942)
- Ministerpresident: Vidkun Quisling, (NS): (1942–1945)
Statsministrar frå 1945 [endre]
| Norske statsministrar etter 1945 | |
![]() |
|
| Forklaring: - Gult=KrF - Raudt=Ap - Grønt=SP - Blått=Høgre |
- Einar Gerhardsen (1945-1951)
- Oscar Torp (1951-1955)
- Einar Gerhardsen (1955-1963)
- John Lyng (1963)
- Einar Gerhardsen (1963-1965)
- Per Borten (1965-1971)
- Trygve Bratteli (1971-1972)
- Lars Korvald (1972-1973)
- Trygve Bratteli (1973-1976)
- Odvar Nordli (1976-1981)
- Gro Harlem Brundtland (1981)
- Kåre Willoch (1981-1986)
- Gro Harlem Brundtland (1986-1989)
- Jan P. Syse (1989-1990)
- Gro Harlem Brundtland (1990-1996)
- Thorbjørn Jagland (1996-1997)
- Kjell Magne Bondevik (1997-2000)
- Jens Stoltenberg (2000-2001)
- Kjell Magne Bondevik (2001-2005)
- Jens Stoltenberg (2005-)
Sjå òg : [endre]
- Lengst sitjande norske statsministrar
- Norske regjeringar
- Norske finansministrar
- Norske utanriksministrar
- Norske landbruksministrar
- Norske kulturministrar
Referansar [endre]
- ↑ Oscar 2. frå Norsk biografisk leksikon
- ↑ 2,0 2,1 Statholderembetet 1572-1771 frå Arkivverket/arkivert utgåve
- ↑ To setningar er sitat frå Arkivverket.
- ↑ Den følgjande lista over førstestatsråder synar at dette var eit kontinuerleg embete, sjølv om oversikta ovanfor syner at rolla som leiar av regjeringa i periodar blei fylt av ein statthaldar:
1814: Frederik Haxthausen
1814–1815: Marcus Gjøe Rosenkrantz
1815–1822: Mathias Sommerhielm
1822–1836:Jonas Collett
1836–1855: Nicolay Johan Krog
1855–1858: Jørgen Herman Vogt
1858–1861: Hans Christian Petersen
1861–1873: Frederik Stang - ↑ Resonnementet er henta frå regjeringen.no
- ↑ Christian Bretteville var konstituert som statsminister i Stockholm frå 16. desember 1858 til juni 1859, i perioden frå Georg Sibbern vart utnemnt til han tiltrådde. Bretteville var òg konstituert 30. november-17. desember 1861, i ein periode mellom to ministeriar, begge med Sibbern som statsminister i Stockholm
- ↑ I overgangen mellom regjeringane Selmer og Schweigaard var Ole Bachke konstituert statsminister 11.-29. mars; og Niels Rye konstituert statsminister 29. mars-3. april 1884. Desse vart sjelden tatt med i vanlege oversiktar, men er nemnt i oversikten på regjeringen.no
- ↑ Sofus Arctander var fungerande statsminister 31. august 1905–23. september 1905
- ↑ Christian Fredrik Michelet var fungerande statsminister 24. mars 1923–30. mai 1923
- ↑ Kolstad fekk sjukepermisjon den 1. februar 1932, og døydde 5. mars same år. Birger Braadland var fungerande statsminister 1. februar 1932–29. februar 1932 og 10. mars 1932–12. mars 1932. Nils Trædal var fungerande statsminister 29. februar 1932– 10. mars 1932
