Jan Petersen
Jan Petersen (fødd 11. juni 1946), fødd i Oslo, er ein norsk politikar frå Høgre. Han voks opp i Oppegård i Akershus, der han var ordførar frå 1975 til 1981. Petersen var stortingsrepresentant frå 1981 til 2009, og partileiar i Høgre frå 1994 til 2004. Petersen var utanriksminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Han tok ikkje attval ved stortingsvalet 2009.[1][2] Petersen blei i statsråd den 9. januar 2009 utnemnd til ny norsk ambassadør til Austerrike.[3]
Innhaldsliste |
Karriere [endre]
Tidleg karriere [endre]
Jan Petersen sine foreldre var direktør Kaare Petersen (bror til Erling Petersen) og Elsa Olsen. Jan Petersen tok examen artium i 1965. Han var medlem av Oppegård kommunestyre frå 1967 til 1971, og også av formannskapet frå 1971 til 1975. Jan Petersen gifta seg med lektor Siri Andresen i 1971, men dette ekteskapet blei seinare oppløyst. Han var formann i Akershus Unge Høyre i 1969, og var formann i Unge Høgre frå 1971 til 1973. I 1973 var han også ferdig utdanna jurist. Han var førstesekretær i Forbrukarrådet i 1974, og konsulent i NORAD frå 1975 til 1978. Han var vararepresentant på Stortinget i perioden 1973–1977.
Heiltidspolitikar [endre]
Jan Petersen har vore heiltidspolitikar sidan 1975, først som ordførar i Oppegård frå 1975 til 1981. Han blei medlem av Høgre sitt sentralstyre i 1976, der han siden har site i heile den aktive politiske karrieren sin. Jan Petersen blei for første gang vald inn på Stortinget for Akershus i 1981. Han har vore medlem av styret for Den Norske Opera sidan 1983.
Partileiar og minister [endre]
Jan Petersen tok i 1994 over som partileiar i Høgre etter Kaci Kullmann Five, og blei samtidig også Høgre sin parlamentariske leiar. Det første stortingsvalet som partileiar, stortingsvalet 1997, var å rekne som eit valnederlag. Thorbjørn Jagland sitt 36,9-ultimatum gjorde at Kjell Magne Bondevik si første regjering inntok regjeringskvartalet. Petersen og Høgre fekk ikkje vere med i denne regjeringa av Senterpartiet, slik Høgre blei ståande som eit støtteparti i Stortinget. Ved kommunevalet 1999 gjorde Høgre eit godt val. Høgre og Arbeiderpartiet felte i fellesskap Bondevik si regjering i eit kabinettsspørsmål om nye gasskraftverk i 2000. Mange så på stortingsvalet 2001 som ein stor revansje i høve til 1997, og Høgre sin statsministerkandidat Jan Petersen blei utanriksminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering.
Utanriksminister [endre]
Jan Petersen fekk problemstillingane i kjølvatnet av terrorangrepet 11. september 2001 i USA i fanget, med mellom anna krav om strengare tryggingstiltak. Krigen i Irak starta i mars 2003, og Petersen gjekk imot USA og Storbritannia sin invasjon og også ei eventuell norsk deltaking. Det har seinare kome fram at dette ikkje skjedde utan komplikasjonar internt i regjeringa.[4] Jan Petersen gjekk av som partileiar i 2004, og dåverande kommunalminister Erna Solberg tok over. Som Noregs utanriksminister var Petersen formann i Ministerkomiteen i Europarådet då Noreg hadde formannskapet frå mai til november i 2004. Regjeringa gjekk av etter stortingsvalet 2005.
Avsluttar politikken [endre]
Petersen gjekk etter stortingsvalet 2005 tilbake som vanleg stortingsrepresentant. Han bytta komité, og blei leiar i Stortingets forsvarskomité. Same året blei han dessuten nestleiar i Den internasjonale demokratiske unionen. I mai 2008 gav han nominasjonskomiteen i Akershus Høgre beskjed om at han ikkje ønska attval til Stortinget. Petersen blei i statsråd den 9. januar 2009 utnemnd til ny norsk ambassadør til Austerrike, med base i hovudstaden Wien, og tiltrådde då stortingsperioden gjekk ut i oktober 2009.[3]
Regjering [endre]
Stortingskomitear [endre]
- 1981–1984 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
- 1981–1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1984–1985 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1985–1989 leiar i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1985–1989 leiar i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1985–1989 varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993 nestleiar i Utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1993–1997 nestleiar i Utanrikskomitéen
- 1997–2001 nestleiar i Utanrikskomitéen
- 2005–2009 leiar i Forsvarskomitéen
Heider [endre]
Jan Petersen blei i 2004 utnevnt til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Bibliografi [endre]
- Det nye Europa. Oslo 1990.
- Det nye Europa : grunnlagsdokument for debatt om utviklingen i Europa, saman med Anders C. Sjaastad og Helge Lund. Oslo 1990.
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Jan Petersen hos Stortinget
- Jan Petersen hos Norsk biografisk leksikon
- Jan Petersen hos Høgre
- Heimeside
| Norske utanriksministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Trygve Lie (–1946) · Halvard Lange (1946–63) · Erling Wikborg (1963) · Halvard Lange (1963–65) · John Lyng (1965–70) · Svenn Stray (1970–71) · Andreas Cappelen (1971–72) · Dagfinn Vårvik (1972–73) · Knut Frydenlund (1973–81) · Svenn Stray (1981–86) · Knut Frydenlund (1986–87) · Thorvald Stoltenberg (1987–89) · Kjell Magne Bondevik (1989–90) · Thorvald Stoltenberg (1990–93) · Johan Jørgen Holst (1993–94) · Bjørn Tore Godal (1994–97) · Knut Vollebæk (1997–2000) · Thorbjørn Jagland (2000–2001) · Jan Petersen (2001–05) · Jonas Gahr Støre (2005–2012) · Espen Barth Eide (2012-) |
- Fødde i 1946
- Norske utanriksministrar
- Høgrestatsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Leiarar for Høgre
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Ordførarar i Oppegård
- Høgreordførarar i Akershus
- St. Olavs Orden
- Folk frå Oppegård
- Unge Høgre-leiarar
- Norske ambassadørar
- Norske juristar