Vekselplatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montering av vekselplatt.

Vekselplatt, eller vekselsystem, er ein utskiftbar platt eller påbygg på ein lastebil. Påbygget, som ofte er ein ISO-kontainer, vert festa til chassiset med snøggfeste. Påbygget har støtteføter som vert sett ned når påbygget skal avmonterast. Lastebilane som vert nytta til dette har som oftast luftfjøring, slik at chassiset kan senkast med før bilen vert køyrt fram ved avmontering. Tilsvarande, ved montering vert bilen senka ned før han vert rygga under påbygget.