Bergingsbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scania bergingsbil.

Bergingsbil er ein bil som vert nytta for å dra opp bilar som har kjøyrt av vegen, eller for å transportera bilar som kjøyrbare. Lette bergingsbilar er ofte bygd på sjassiet til lette lastebilar, medan større bergingsbilar er bygd på lastebilchassi.

Lette bergingsbilar[endre | endre wikiteksten]

Lette bergingsbilar har ofte tippbar platt med plass til ein person- eller ei kassevogn. For å trekkja bilar opp på platten vert det nytta vinsj, med trekkkraft frå 30 til 50 kN.

Tunge bergingsbilar[endre | endre wikiteksten]

For å berga lastebilar, vogntog og bussar vert det nytta tunge bergingsbilar. Slike bilar må av og til trekkja vogntog som har køyrt av vegen opp bratte skråningar og er utstyrte med kraftige vinsjar, ofte med trekkraft på 200 til 350 kN. Køyretøya som skal bergast har ofte større masse enn bergingsbilen. Bergingsbilane er difor utstyrte med hydraulisk støtteføter som vert set ned i vegbanen. Nokre gongar er det naudsynt å nytta fleire bergingsbilar for å få vogntog inn på vegen. Mobilkraner vert òg nytta av og til.

Lastebilar og bussar er for store til at dei får plass på eit lasteplan, så dei vert slepa etter bergingsbilen. Ofte vert framhjula plassert på eit hydraulisk bom, slik at dei kan lyftast frå vegbanen. Ein treng då ikkje nokon til å styra det havarerte køyretøyet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]