Biltransporter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
DAF trekkvogn med semitrailer innretta som biltransporter.

Biltransporter er ein lastebil, med eller utan tilhengar, innretta for transport av personbilar. Semitrailerar vert ofte nytta til dette føremålet, men lastebil utan hengar, eller lastebil med slepvogn kan òg nyttast. Biltransporterar er ofte opne, men nokre er lukka, slik at bilane er verna mor ver og vind under transport. Små transporterar for ein bil òg vanleg. Desse er ofte utstyrte med vinsj og vert nytta som bergingsbilar.

Bilane vert transporterte i to eller tre høgder. Dei øvre dekka vert heva og senka hydraulisk. Under lasting vert det øvste dekket senka ned, slik at bilane kan køyrast opp på det. Bilane vert så festa til dekket før det vert heva. Om det er eit mellomdekk vert dette lasta etter det øvre dekket. Til sist vert det nedre dekket lasta opp. Under lossing vert desse operasjonane utførte i motsett rekkjefølgje.

Galleri[endre | endre wikiteksten]