Skåpbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Nissan skåpbil.

Skapbil er ein lastebil med fast overbygg, kalla skåp. Skapbilar vert nytta for last som treng å verta verna mot ver og vind, som til dømes møblar, kvitvarer, brunvarer, matvarer, post og liknande.

Dei fleste skåpbilar vert lasta og lossa attanfrå, ofte med gaffeltruck eller jekktralle, men mindre distribusjonsbilar er ofte utstyrte med hydraulisk bakløft. Nokre skåpbilar har foldedører i sidene, slik at lang last kan lastast med gaffeltruck.

Det finst òg mange spesialutførelsar, som til dømes frysebilar og flyttebilar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]