Svanehalshengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transport av ein dumpar på svanehalshengar.

Svanehalshengar, eller brunnhengar, er ein lågbygd semitrailer som vert nytta for transport av anleggsmaskinar og anna godt med stor masse og/eller store dimensjonar. At hengaren er lågbygd gjer han lettare å lasta og lossa. Dessutan vert tyngdepunktet lågare, noko som gjev betre stabilitet. Ein annan føremon er at totalhøgda vert mindre, slik at undergangar, bruer og tunnelar skapar mindre problem.

Svanehalshengarar finst i mange utgåver og storleikar, tilpassa ulike oppgåver. Hjula har ofte liten diameter for at høgda skal verta så lita som mogeleg. For å få stor nok lasteevne er dei ofte utstyrte med mange akslingar. Mange svanehalshengarar er så store at det er naudsynt med spesialløyve for kvart enkelt transportoppdrag. På store svanehalshengarar er det vanleg at fleire av hjulgangane er styrte (tvangsstyring) for at det skal vera lettare å koma rundt krappe svingar, rundkøyringar og andre hindringar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]