Spesialtransport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transport av lokomotiv.

Spesialtransport er eit omgrep som vert nytta om transport av last som har så stor masse eller dimensjonar at dei krev spesialløyve for å transporterast etter offentleg veg. Lasten vert ofte plassert på ein svanehalshengar som kan vera bygd som ein semitrailer, eller dregen av ei balasttrekkvogn.

Typisk last som krev spesialtransport er store anleggsmaskinar, transformatorar, generatorar til kraftverk, hus, store tankar, og så vidare.

Slike spesialtransportar krev spesialløyve og vert ofte planlagte lang tid i førevegen. Transportane vert utførte med låg fart og det er ofte naudsynt å stenga vegen for annan trafikk. For at vanleg trafikk skal verta minst mogleg hindra vert dei ofte utførte på natta.

Det vert ofte nytta spesialhengarar med mange hjul for å få ned akseltrykket, slik at ein ikkje øydelegg vegane. Der er vanlegvis bruene som set grenser for kor stor masse som kan transporterast og det er ikkje uvanleg at bruer må forsterkast.

I Noreg er det krav til følgjebil/leiarbil når transporten har ei breidd som overstig tre meter, eller totallengda er større enn 23,5 meter. Transportar med større masse enn 65 tonn må ofte ha leiing av Statens vegvesen for passering av somme bruer. I Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland fylke vert det kravd politieskorte om transporten er breiare enn 3,5 meter. I resten av landet slår kravet til politieskorte inn når breidda overstig 4 meter.

Galleri[endre | endre wikiteksten]