Søppelbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Søppelbil i Hong-Kong.

Søppelbil er ein lastebil som er utstyrt for å transportera søppel frå privathushaldningar, forretningar, kantiner osb. Søppelbilar er utstyrte med ein vasstett metallbehaldar som søpplet vert transportert i og bakmontert søppeldunktømmar, slik at ein slepp å tømma dunkane for hand. I Noreg er det som oftast kommunane som eig søppelbilane og tek seg av drifta. Mange kommunar har innført kjeldesortering av søppel, så det er ofte eigne søppelbilar for matavfall, papir og plast.