Bulkbil
Bulkbil er ein lastebil, eller eit vogntog, med høge karmar og tak, eller tank for transport av faststoff i pulver, granulat og liknande former. Typiske oppgåver er transport av korn, mjøl, kraftfor, kunstgjødsel, kjemikaliar i pulverform, opphakka trevirke, sagflis, spon, pellets, sement, etc.
Bulkbilar kan verta lasta med hjullastar, ved at lasta renn ned i bilen frå ein silo eller ved hjelp av trykkluft. Lossing foregår ved hjelp av trykkluft, eller ved at lasta vert tippa ned i ein silo.
Galleri[endre]
-
Ein norsk flisbil (Scania trekkvogn med semitrailer) vert lasta av ein Volvo hjullastar.
-
DAF trekkvogn med bulksemitrailer vert last opp.
-
Bulkbil leverer korn.
-
Ein tysk bulkbil leverer kraftfor i 1967.
-
Ein bulkbil vert lasta med kveite i Great Gidding i Cambridgeshire i England.
|
|
|
|---|---|
| Påbygg | |
| Vogntog | Vogntog · Trekkvogn · Påhengsvogn · Slepvogn · Semitrailer · Modulvogntog · Dolly |
| Spesialbilar | Tømmerbil · Tankbil · Bulkbil · Frysebil · Biltransporter · Bergingsbil · Kombinertbuss |
| Anleggsbilar | Grusbil · Dumparbil · Betongbil · Kranbil |
| Vekselsystembilar | Kontainerbil · Vekselplatt · Krokløftbil · Løftekontainerbil |
| Kommunalbilar | Brøytebil · Strøbil · Brannbil · Feiebil · Spylebil · Søppelbil · Slamsugar |
| Spesialtransport | |