William Blake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Blake måla av Thomas Phillips.

William Blake (28. november 175712. august 1827) var ein engelsk diktar, mystikar, kunstnar og utgjevar. Han var lite akta i si eiga tid, men verka hans er av ettertida blitt sett på som skjelsetjande innan både litteratur og biletkunst. Blake laga mellom anna mange kontroversielle illustrasjonar til Bibelen, og er særs kjend for diktet Jerusalem, som er blitt ein slags uoffisiell engelsk nasjonalsong.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Blake kom frå ein dissenterfamilie som budde nær Golden Square i Soho i London. Faren hans dreiv med trikotasje, medan mora gav William undervising heime.

William Blake viste tidleg eit kunstnartalent, og i tiårsalderen utførte han si første gravering. Han følgde vanleg praksis i samtida ved å kopiera meisterleg antikk kunst, i staden for å teikna etter røyndommen. Han utforska også dikting på denne tida. Tidlege dikt syner kjennskap til Ben Jonson og Edmund Spenser.

Som fjortenåring fekk Blake ei lærlingekontrakt på sju år hos gravøren Henry Basire. Etter to år i lære fekk han i oppdrag å kopiera kunst frå gotiske kyrkjer i London, og særleg Westminster Abbey fekk stor innverknad på kunsta hans.

Blake graverte illustrasjonen «Europe Supported By Africa and America» i 1796.

I 1779 begynte Blake eit seksårig studium ved Royal Academy of Arts. Her stod han sterkt imot den gjeldande smaken, dyrka av akademipresidenten Joshua Reynolds, av målarar som Rubens. Blake såg på denne stilen som uferdig, og føretrekte den klassiske perfeksjonen til renessansekunstnarar som Michelangelo og Rafael.

I 1782 blei William Blake kjend med nyklassisisten John Flaxman, som skulle bli beskyttaren hans. Same året trefte han og gifta han seg med fem år yngre Catherine Boucher, ei fattig jente som ikkje kunne lesa eller skriva. Blake lærte henne både dette og å gravera. På denne tida blei Blake også kjent med George Cumberland, ein av grunnleggjarane av London National Gallery, som blei ein stor beundrar av arbeida hans.

Blake si tittelside til Vision of the Daughters of Albion.

William Blake gav ut si første diktsamling, Poetical Sketches, om lag 1783. I 1784, etter at faren døydde, starta han og broren Robert eit trykkeri. Gjennom samarbeid med den radikale utgjevaren Joseph Johnson kom Blake i kontakt med leiande opprørske intellektuelle i England, til dømes vitskapsmannen Joseph Priestley, filosofen Richard Price, kunstnaren Henry Fuseli, den tidlege feministen Mary Wollstonecraft og den revolusjonære amerikanaren Thomas Paine. Blake hadde store forventingar til den amerikanske og den franske revolusjonen, og kledde seg i ei frygisk hue som dei franske revolusjonære. Han hadde også vore innblanda i dei engelske Gordonopptøyane i 1780, der ei folkemengd storma Newgate fengsel. Blake illustrerte Wollstonecraft sitt verk Original Stories from Real Life (1788; 1791), og delte truleg fleire av hennar synspunkt på likestilling og ekteskap. I Visions of the Daughters of Albion frå 1793 fordømde han til dømes tvungen kyskskap og kjærleikslause ekteskap.

I 1788 tok Blake til å prøva ut gravering med relieffetsing, der han teikna og skreiv med syremotståande materiale på koparplater før han behandla platene med syre, slik at motivet blei ståande igjen som eit relieff. Dette var ei nyvinning som var motsett frå tradisjonell trykking, og blei seinare mykje brukt. Trykka han laga var i svart kvitt, og blei målte for hand med vassfargar og sydde saman til bøker. Kjende verk av Blake, Songs of Innocence and Experience, The Book of Thel, The Marriage of Heaven and Hell og Jerusalem blei til på dette viset.

Religiøse og politiske visjonar[endre | endre wikiteksten]

Blake sin illustrasjon til The Book of Los frå 1795.

Blake var særs oppteken av religion, og gjekk til åtak på kristendommen i samtida si, samstundes som han prøvde å finna sin måte å utøva trua på. Han og Catherine blei swedenborgianarar i 1789.

Blake trudde ein kunne finna «sanninga» gjennom sjølvransaking heller enn innprenting av lærdom. Det han kalla sine «visjonar», var opplevingar han såg på som vegleiande for korleis han skulle leva. Desse opplevingane gav han ei sterk og kompromisslaus tru på si eiga kunstnariske innstilling, men dei gjorde også at andre kallar han eksentrisk eller galen.

Blake såg på seg sjølv som ein profet for ei ny tid. Mytane han laga skildrar ofte kampen mellom opplysing og fri kjærleik på eine sida, og begrensa utdanning og moral på den andre. Blake beundra arbeida til John Milton, og prøvde som Milton å skapa sin egen definisjon av himmel og helvete.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Gjendikting på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • William Blake, gjendikting av Tor Obrestad. Oslo:Gyldendal, 1967
  • Giftarmålet mellom himmel og helvete, omsett av Hanne Bramness og Erling Indreeide. Oslo: Cappelen, 1993 ISBN 82-02-14488-4
  • Uskyldens og erfaringens sanger, ved Geir Uthaug; med komplett gjengjevingar av William Blake sine etsingar. Oslo: Aschehoug, 1997 ISBN 82-03-17794-8

Bøker om William Blake[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Blake