Oseanstormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wilsonstormsvale)
Oseanstormsvale
Oseanstormsvale Foto: Patrick Coin
Oseanstormsvale
Foto: Patrick Coin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av oseanstormsvale
Utbreiinga av oseanstormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Oseansvalefamilien Oceanitidae
Slekt: Oceanites
Art: Oseanstormsvale O. oceanicus
Vitskapleg namn
Oceanites oceanicus

Oseanstormsvale (Oceanites oceanicus), tidlegare kjent som wilsonstormsvale, er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Ho har ein sørleg sirkumpolar distribusjon, hekkar vidt i kyststrøka rundt Antarktis og på nærliggjande øyar, og spreier seg nordover og til den nordlege halvkula på den sørlege vinteren. Med ein global populasjon på 12–30 millionar individ, er ho ein av verdas mest talrike sjøfuglartar.[1][2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oseanstormsvala er ein liten sjøfugl som måler 16–18,5 cm i kroppslengd, har eit vengspenn på 38–42 cm, og veg ca. 40 gram.[3] Stjerten er tverr i enden.[4] Ho har jamt over ein mørkebrun fjørdrakt, men med ein brei, kvit overgump og eit kort lysare brunt vengband på oversida vengen. Kjønna er like i fjørdrakt. Oseanstormsvala er mykje lik havsvala, men oseanstormsvala er noko større, jamt mørkare vengundersider med lett bronseglans, lengre bein som stikk ut bak stjerten i flukt, og litt breiare venger som dei held rettare ut, og har eit tydeleg lyst dekkband på oversida av vengene.[4] Arten stormsvale er større, har kløfta stjert, og det kvite området på overgumpen rekkjer ikkje så langt ned på sidene som på oseanstormsvala.[4]

Oseanstormsvala har ein meir direkte glideflukt enn havsvala og glir ofte lengre strekk på plane venger. Presis som havsvala og stormsvala, trippar ho på vassoverflata når ho snappar etter føda, men med meir heva venger. Det er sjeldan at ein kan observere ho frå land, men ho kan følgje skip nett som havsvala. Under hekkeperioden gjev ho ofte eit pipande læte når ho matar ungen.

Oseanstormsvala lever pelagisk, og hekkar langs den antarktiske kysten og på nærliggjande øyar som South Shetland Islands. Ho hekkar jamvel på Kapp Horn og Falklandsøyane. Resten av året lever ho til havs og kan førekomme på alle hav, men held seg borte frå Nordishavet. Under perioden juni til oktober trekkjer ho til den nordlege halvkula for overvintring, og majoriteten av bestanden førekjem då i Nord-Atlanteren.[1] Dei viktige overvintringsområda finst i Nord-Atlanteren, ved Persiabukta og nordre Indiahavet, i farvatna utanfor kysten av Nord-Amerika, vestkysten av Sør-Amerika og i eit stort område rundt Hawaii.[5] I Nord-Atlanteren blir oseanstormsvala observert blant anna i Biscayabukta[4] og utanfor Dei britiske øyane, men berre særs sjeldan i norske farvatn.[4] Ettersom ho lever eit heilt pelagisk liv utanfor hekkesesongen, og hekkeplassane ligg så avleites, så er observasjonar ved land mykje sjeldsynte. Berre ved kraftige stormar pressast einskilde individ inn mot fastlandet.

Med ei vekt på berre 40 gram er oseanstormsvala den minste endoterme dyrearten som lever og forplantar seg i det kalde antarktiske klimaet.[3] Oseanstormsvala hekkar i koloniar nær havet og plasserer reiret i holrom i sprekker, under mose eller i små jordhòler i mjuk jord.[6] Ho legg berre eitt, kvitt egg per hekkesesong og dei rugar egget i 38-59 dagar.[5] Ungen tas hand om i om lag 60 dagar innan han er flygedyktig. Foreldra flyg inn til hekkeplassen berre nattestid for å unngå predasjon av måsar og joar, og dei held seg jamvel frå land under klåre måneskinsnetter. Som hos dei fleste artane i oseansvalefamilien, er evna til å røre seg på land mykje svak, og dei kan berre flytte seg ein kort bit for å kome seg inn i hòla. Dei plukkar føda frå havoverflata og lever mest av planktonliknande krepsdyr, kril, men òg fisk. Under perioden når oseanstormsvala matar ungen eller rugar, aukar inntaket av småfisk.[1]

Oseanstormsvala er mykje talrik over heile utbreiingsområdet. I 2004 blei den globale populasjonen estimert til 4–10 millionar hekkande par, som indikerer ein total populasjon på 12–30 millionar individ, og dermed gjer arten til ein av de mest talrike sjøfuglar i verda.[1][2]

Namnet på norsk

Denne arten var tidlegare kjent under namnet wilsonstormsvale. I samband med at oseansvalefamilien blei godtatt som ein biologisk familie av stormfuglar, fekk arten det nye norske namnet oseanstormsvale.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2012) Species factsheet: Oceanites oceanicus. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. juni 2012.
  2. 2,0 2,1 Beck & Brown (1972) The biology of Wilson’s Petrel Oceanites oceanicus (Kuhl), at Signy Island, South Orkney Islands. British Antarctic Survey Bulletin, vol.69, sid:1–54
  3. 3,0 3,1 Obst et al. (1987) Energy Utilization by Wilson's Storm-Petrel (Oceanites oceanicus), Physiological Zoology, The University of Chicago Press.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7
  5. 5,0 5,1 Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  6. Warham, J. (1990). The petrels their ecology and breeding systems. London, Academic Press.
  7. Morten Bergan (05.03.2019) Wilsonstormsvalen får nytt norsk navn: oseanstormsvale Henta frå birdlife.no den 14. april 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]