Ajía Paraskeví
| Ajía Paraskeví Lokalt namn Αγία Παρασκευή | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Aten |
| Koordinatar | 38°00′N 23°49′E / 38.000°N 23.817°E |
| Areal | 7,97 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Attikí Nord-Aten |
| Hovudsete | Ajía Paraskeví (62 147 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 62 147 (2021[1]) |
| Folketettleik | 7798 /km² |
Ajía Paraskeví (gresk Αγία Παρασκευή) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Ajía Paraskeví ligg nordaust for Aten, om lag 10 km frå sentrum av byen. Fram til 1950-åra var forstaden tynt folkesett og dei fleste innbyggjarane dreiv med jordbruk. I 1960-åra opplevde Hellas rask økonomisk vekst og mange emigrerte til storbyane, noko som førte med seg rask utviding av desse. Dermed auka folkeveksten dramatisk i forstadane til Aten. I dag er Ajía Paraskeví tett folkesett med mykje trafikk og luftforureining.
Ajía Paraskeví ligg ved foten av Ymittós og er ein av få forstadar i Aten som har mange tre og grøne område. Byen strekkjer seg oppover i høgda og ein kan sjå store delar av Aten og heilt til Pireus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «Agia Paraskevi» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2007.