Hopp til innhald

Angístri

Angístri
Lokalt namn Αγκίστρι
Stranda ved hamna i Skála
Stranda ved hamna i Skála
Geografi
StadSaroniabukta i Egearhavet
Koordinatar37°42′N 23°21′E / 37.700°N 23.350°E / 37.700; 23.350
ØygruppeDei saroniske øyane
Areal13,37 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnadMegalokhóri (627 innb.)
Demografi
Folketal1 131 (2021[1])
Folketettleik84,6 /km²

Angístri (gresk Αγκίστρι), òg kalla Agistri, Ankistri og Agkistri, er ei lita øy i Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas. Ho er dekt av furuskog og er berre eit par kilometer på tvers. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]

Busetnadar

[endre | endre wikiteksten]

Det er fire busetnadar på Angístri - Megalokhóri (eller Mýlos), Skála, Metókhi og Limenária. Megalokhóri er den største landsbyen der dei fleste innbyggjarane bur. Metókhi og Skála ligg tjue minuttar unna til fots, og det er her dei fleste turisthotella er. Limenária er ein svært liten landsby på den andre sida av øya med lite turisme. Der er desutan ein ny bustenad på den vesle øya Ápónisos.

Plassering

[endre | endre wikiteksten]

Angístri ligg nær den større saroniske øya Éjina. Herfrå kan ein nå øya med båt på berre ti minutt. Øya ligg ein times båttur frå Pireus.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Megalokhóri566627
Skála448326
Metókhi071
Limenária12860
Apónisos047

Referansar

[endre | endre wikiteksten]