Peristéri
Peristéri Lokalt namn Περιστέρι | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Aten |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 10,05 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Vest-Aten |
Hovudsete | Peristéri (139 981 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 139 981 (2011[1]) |
Folketettleik | 13 928 /km² |
Peristéri (gresk Περιστέρι), eldre former Peristerio og Peristerion, er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]
Peristéri ligg om lag 5 km nordvest for Aten sentrum. Kommunen ligg ved elva Kifisós, med Khaidári i vest og Petroúpoli i nordvest. Storleiken er om lag 10 km². Peristéri inkluderer den nordlege halvdelen av industriområdet i Aten. Aten bussterminal ligg i aust, og i 2004 opna ein stasjon på Aten metro her. To andre stasjonar er under bygging og vil opne her i 2012.
Peristéri har skular, latinskular, gymnas, bankar, eit postkontor og plateies. Peristéri har eit førstedivisjonslag i fotball kalla Atrómitos. Byen har òg ein stor assyrisk folkesetnad som har emigrert frå Irak og Tyrkia dei siste 30 åra.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Peristeri frå Engelsk Wikipedia .