Akharnés
Akharnés Lokalt namn Αχαρνές | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 146,41 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Aust-Attikí |
Hovudsete | Akharnés (99 346 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 106 943 (2011[1]) |
Folketettleik | 991,5 /km² |
Akharnés (gresk Αχαρνές, i antikken/katharevousa Αχαρναί, Akharnai), òg kalla Menidi (Μενίδι), er ein forstad til Aten i Hellas. Akharnés ligg om lag 10 km nord for Aten og er ein kommune i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí.[2] Nord for Akharnés ligg den skogkledde fjellkjeda Párnitha.
I antikken var byen eit deme og mange av innbyggjarane var kolseljarar. I dag er det eit arbeidarklassenabolag.
7. september 1999 låg byen svært nær episenteret til eit kraftig jordskjelv, som førte til store øydeleggingar i Akharnés og andre stader i Aten.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Akharnés
- Thrakomakedónes
Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 106 943 innbyggjarar, medan kommunaleininga Akharnés hadde 100 743 og tettstaden med same namn 99 346 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Akharnés | Akharnés | 99 346 |
Thrakomakedónes | Thrakomakedónes | 6 200 |
Varymbómbi | Akharnés | 1 377 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Acharnes frå Engelsk Wikipedia .