Néa Smýrni
Utsjånad
| Néa Smýrni Lokalt namn Νέα Σμύρνη | |
|---|---|
Frå Venizélos-gata i Néa Smýrni | |
| Geografi | |
| Stad | Aten |
| Koordinatar | 37°57′N 23°43′E / 37.950°N 23.717°E |
| Areal | 3,52 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Attikí Sør-Aten |
| Hovudsete | Néa Smýrni (72 853 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 72 853 (2021[1]) |
| Folketettleik | 20 697 /km² |
Néa Smýrni (gresk Νέα Σμύρνη) eller Nea Smirni er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Néa Smýrni ligg om lag 5 km sørvest for sentrum av Aten og om lag 6 km aust for Pireus.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog. I 1922 kom det mange flyktningar til staden frå Smyrna (i dag Izmir) etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Dei slo seg ned her og danna Néa Smýrni, eller Nye Smyrna, og området vart etter kvart urbanisert. I dag består området stort sett av bustadar.
Kjende personar frå Néa Smýrni
[endre | endre wikiteksten]- Polína, gresk songar
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Nea Smyrni frå Engelsk Wikipedia .