Ílio
Ílio Lokalt namn Ίλιο | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Aten |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 9,25 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Vest-Aten |
Hovudsete | Ílio (84 793 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 84 793 (2011[1]) |
Folketettleik | 8970,0 /km² |
Ílio (gresk Ίλιο, katharevousa Ίλιον, i antikken Ilium), tidlegare kalla Nea Liosia eller Nea Liossia, er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]
Fjellet Egáleo ligg i vest. Ílio ligg òg søraust for Elevsína, sør for Attikí Odós og nord for Pireus.
Ílio bestod tidlegare hovudsakleg av jordbruksområde, men urbanisering mellom 1950- og 1990-åra har ført til at desse områda stort sett er borte. Berre nær Egáleo finn ein meir steinete og berre landskap. Det vart drive gruvedrift i dei vestlege områda frå 1960-åra og fram til slutten av 1900-talet.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ilio, Greece frå Engelsk Wikipedia .