Pallíni
Pallíni Lokalt namn Παλλήνη | |
---|---|
![]() Frå sentrum i Pallíni | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 30,72 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Aust-Attikí |
Hovudsete | Jérakas (29 939 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 54 415 (2011[1]) |
Folketettleik | 1 849,0 /km² |
Pallíni (gresk Παλλήνη) er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Pallíni er administrasjonssete i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí og ligg ved foten av fjellet Pendéli. Byen ligg om lag 18 km frå sentrum av Aten. Pallíni var lenge ein nokså landleg stad der jordbruk dominerte, men dei siste åra har byggjeaktiviteten og urbaniseringa vore stor, ein prosess som framleis held fram.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 54 415 innbyggjarar, medan kommunaleininga Pallíni hadde 22 344 og tettstaden med same namn 16 415 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Jérakas | Jérakas | 29 939 |
Pallíni | Pallíni | 16 415 |
Leondári | Pallíni | 5 929 |
Anthoúsa | Anthoúsa | 2 134 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010