A Bigger Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Bigger Bang
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 6. september 2005
Innspelt november 2004, 7–9. mars, 6–28. juni 2005
Studio Frankrike, Vestindia og Henson Recording Studios i Los Angeles; miksa i Village Recorders i Los Angeles
Sjanger Hardrock, bluesrock, garasjerock, punkblues
Lengd 64:23
Selskap Virgin, Rolling Stones
Produsent Don Was og The Glimmer Twins med Matt Clifford («Streets of Love»)
The Rolling Stones-kronologi 
Bridges to Babylon
(1997)
A Bigger Bang Blue & Lonesome
(2016)
Singlar frå A Bigger Bang
  1. «Streets of Love»
    Utgjeve: 22. august 2005
  2. «Rain Fall Down»
    Utgjeve: 5. desember 2005
  3. «Biggest Mistake»
    Utgjeve: 21. august 2006
Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic73/100[1]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
The A.V. Clubpositiv[3]
Canoe.ca3.5/5 stars[4]
Entertainment WeeklyB–[5]
NME3/5 stars[6]
PopMatters5/10[7]
Robert ChristgauA–[8]
Rolling Stone4.5/5 stars[9]
Stylus MagazineB[10]

A Bigger Bang er det 22. studioalbumet til The Rolling Stones. Det var ein oppfølgjar til Bridges to Babylon 1997, og begge desse, samt Voodoo Lounge frå 1994, vart produsert av Don Was og The Glimmer Twins.

Historie[endre | endre wikiteksten]

A Bigger Bang vart stort sett spelt inn heime hos Mick Jagger i Frankrike, på liknande måte som Exile on Main St. vart spelt inn i heimen til Keith Richards i same land i 1971. Jagger og Richards arbeidde òg på albumet i 2004 med produsent Don Was i heimen til Jagger i Karibia. Charlie Watts slo seg seinare med etter å ha vorte operert for strupekreft. Darryl Jones spelte bass og Chuck Leavell spelte piano på fire spor.

Albumet har ein enklare stil ala Some Girls, med hardare og meir moderne. Mange av songane vart spelt inn med kjernen i bandet, Richards, Jagger og Watts. Ronnie Wood var ikkje med på desse innspelingane og spelte berre på ti av seksten spor.

Dei første rapportane om albumet fortalte at the Stones hadde gått «tilbake til røtene sine» med minimal instrumentering, grov miks og tøff blues og garagerock ala kontemporære grupper som The White Stripes og The Black Keys, noko som viste at the Stones framleis var i kontakt med moderne trendar i rockemusikken.

Albumet fekk god kritikk og vart erklært det beste Rolling Stones-albumet sidan Tattoo You i 1981. Dei fleste albuma til the Stones sidan Steel Wheels i 1989 har derimot fått liknande merknad, og fleire meiner at the Stones enno ikkje har laga eit album dei siste 30 åra som har vore opp mot det beste dei kan.

Den første singelen frå albumet var «Streets of Love» og nådde 15. plass på den britiske singellista, medan A Bigger Bang gjekk inn på andreplass i Storbritannia og i Noreg, og tredjeplass i USA. Som dei første Stones-albuma sidan Tattoo You selde det ikkje all verda og singlane vart heller ikkje store hittar. I 2006 hadde albumet likevel seld 2,4 millionar eksemplar.[11]

I august 2005 la the Rolling Stones ut på A Bigger Bang Tour for å støtte opp om albumet. Det vart halde 90 konsertar i Nord-Amerika, samtlege av dei utselde. Turneen strekte seg inn i 2007 og Europa. Under turneen fall Keith Richards ned frå eit tre på Fiji og dei måtte ta ein pause i turneringa. Turneen enda i august 2007 på O2 Arena i London.

Albumet er det første der Jagger òg spelar bass på nokre spor. Dette kom av at Ronnie Wood ikkje medverka like mykje som tidlegare.

Sjølv før singlane kom ut vart A Bigger Bang kjend for songen «Sweet Neo Con», som var kritisk til både President George W Bush og amerikansk politikk generelt.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.

Nr.TittelLengd
1.«Rough Justice»3:13
2.«Let Me Down Slow»4:15
3.«It Won't Take Long»3:54
4.«Rain Fall Down»4:54
5.«Streets of Love»5:10
6.«Back of My Hand»3:33
7.«She Saw Me Coming»3:12
8.«Biggest Mistake»4:06
9.«This Place Is Empty»3:17
10.«Oh No, Not You Again»3:47
11.«Dangerous Beauty»3:48
12.«Laugh, I Nearly Died»4:54
13.«Sweet Neo Con»4:34
14.«Look What the Cat Dragged In»3:58
15.«Driving Too Fast»3:57
16.«Infamy»3:48

Deluxe-utgåva av albumet inneheldt to spor til på ein DVD, «Under the Radar» (4:34) og «Don't Wanna Go Home» (3:33).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones
  • Mick Jaggerbass (6, 7, 11, 13, 14), gitar (1-5, 8, 10-16), munnspel (6, 13), klaverinstrument (4, 12, 13, 16), perkusjon (6, 7, 12, 15, 16), produksjon (alle spor), slidegitar (6, 9), vibrafon (4), vokal (alle spor)
  • Keith Richards – bass (9, 10, 16), gitar (alle spor), klaverinstrument (16), piano (9), produksjon (alle spor), vokal (2, 3, 7-9, 16)
  • Charlie Watts – trommer (alle spor)
  • Ronnie Wood – gitar (3-5, 7, 12, 14, 15), slidegitar (1, 2)
Andre medverkande
Teknisk
  • J.D. Andrew – redigering (alle spor), lydteknikar (alle spor)
  • Andy Brohard – lydteknikar (1)
  • Ryan Castle – lydteknikar (1)
  • Pierre de Beauport – gitarteknikar (alle spor), lydteknikar (alle spor)
  • Tony King – plateomslag
  • Nick Knight – fotografi
  • Stephen Marcussenmastering (alle spor)
  • Michael Nash – plateomslag
  • Dean Nelson – lydteknikar (2, 3, 5-11, 15)
  • Jack Joseph Puiglydmiksing (2, 3, 5-11, 15)
  • Stewart Whitmore – redigering (alle spor)
  • Dave Sardy – lydmiksing (1)
  • Krish Sharma – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16)
  • German Villacorta – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16)
  • Don Was – produksjon (alle spor)


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Albumliste (2005) Plassering
Australske album (ARIA)[13] 4
Austerrikske album (Ö3 Austria)[14] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[15] 3
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[16] 4
Kanadiske album (Billboard)[17] 1
Danske album (Hitlisten)[18] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[19] 1
European Albums (Billboard)[20] 1
Finske album (Suomen virallinen lista)[21] 4
Franske album (SNEP)[22] 3
Tyske album (Media Control)[23] 1
Greske album (IFPI)[24] 1
Ungarske album (MAHASZ)[25] 10
Irske album (IRMA)[26] 18
Italienske album (FIMI)[27] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[28] 2
Norske album (VG-lista)[29] 2
Polske album (ZPAV)[30] 2
Portugisiske album (AFP)[31] 5
Spanske album (PROMUSICAE)[32] 2
Svenske album (Sverigetopplistan)[33] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[34] 1
Britiske album (OCC)[35] 2
US Billboard 200[36] 3

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
2005 «Rough Justice» Mainstream Rock Tracks[37] 25
2005 «Streets of Love»/«Rough Justice» UK Top 75 Singles[38] 15
2005 «Oh No, Not You Again» Mainstream Rock Tracks 34
2005 «Rain Fall Down» UK Top 75 Singles 33
2006 «Rain Fall Down» Hot Dance Singles/Club Play 21
2006 «Biggest Mistake» UK Top 75 Singles[39] 51

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[40] Platina 40 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[41] Gull 15 000x
Canada (Music Canada)[42] Platina 100 000^
Danmark (IFPI Danmark)[43] Gull 20 000^
Frankrike (SNEP)[44] Gull 75 000*
Tyskland (BVMI)[45] Platina 200 000^
Hellas (IFPI Hellas)[46] Gull 10 000^
Japan (RIAJ)[47] Gull 100 000^
New Zealand (RMNZ)[48] Gull 7 500^
Polen(ZPAV)[49] Gull 10 000*
Sveits(IFPI Switzerland)[50] Gull 20 000x
Storbritannia (BPI)[51] Gull 100 000^
USA (RIAA)[52] Platina 1 000 000^
Oppsummering
Europa (IFPI)[53] Platina 1 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «A Bigger Bang Reviews, Ratings, Credits, and More». Metacritic. Henta 30. mars 2018. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «A Bigger Bang – The Rolling Stones: Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 30. mars 2018. 
  3. Phipps, Keith (14. september 2005). «The Rolling Stones: A Bigger Bang | Music | MusicalWork Review». The A.V. Club. Henta 30. mars 2018. 
  4. Sterdan, Darryl (1. september 2005). «CANOE – Jam! Music – Artists – Album Review: A Bigger Bang». jam.canoe.ca. Henta 30. mars 2018. 
  5. Browne, David (5. september 2005). «A Bigger Bang Review | Music Reviews and News». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 31. mars 2018. Henta 30. mars 2018. 
  6. Martin, Dan (19. september 2005). «NME Album Reviews – The Rolling Stones: A Bigger Bang». NME. Henta 30. mars 2018. 
  7. Shymanik, Steve; MacNeil, Jason (12. september 2005). «The Rolling Stones: A Bigger Bang». PopMatters. Henta 30. mars 2018. 
  8. Christgau, Robert. «CG: The Rolling Stones». Robert Christgau. Henta 30. mars 2018. 
  9. Light, Alan (22. september 2005). «A Bigger Bang: The Rolling Stones: Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2009. 
  10. Soto, Alfred (9. september 2005). «The Rolling Stones – A Bigger Bang – Review». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 9. mai 2012. Henta 30. mars 2018. 
  11. [1] Arkivert 2011-05-18 ved Wayback Machine.. EMI Annual Report. 31. mars 2006
  12. «Satisfaction Guaranteed». Newsweek. 14. aug. 2005.
  13. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  14. "The Rolling Stones - A Bigger Bang" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  15. "The Rolling Stones – A Bigger Bang" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  16. "The Rolling Stones – A Bigger Bang" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  17. "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 30. mars 2018.
  18. "Top 40 Albums - 37 / 2005 - Hitlisten". Hitlisten.nu. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  19. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  20. «European Albums – Week of 24. september 2005». billboard.com. Henta 30. mars 2018. 
  21. "The Rolling Stones: A Bigger Bang" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 30. mars 2018.
  22. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  23. "The Rolling Stones - A Bigger Bang". Charts.de. Media Control. Henta 30. mars 2018.
  24. «Ελληνικό Chart». ifpi.gr (på gresk). Arkivert frå originalen 14. oktober 2005. 
  25. «Archivum: Top 40 Album». MAHASZ (på ungarsk). Henta 30. mars 2018. 
  26. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 30. mars 2018.
  27. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  28. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  29. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  30. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 30. mars 2018.
  31. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  32. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  33. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  34. "The Rolling Stones – A Bigger Bang". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
  35. "2005-09-17 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. mars 2018.
  36. "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 30. mars 2018.
  37. «Top 400 Modern Rock songs». Modernrock.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 30. mars 2018. 
  38. «UK Top 75 singles, 2005» (PDF). polyhex.net. Arkivert frå originalen (PDF) 31. mars 2012. Henta 30. mars 2018. 
  39. «UK Top 75 singles, 2006» (PDF). polyhex.net. Arkivert frå originalen (PDF) 31. mars 2012. Henta 30. mars 2018. 
  40. «Discos de Oro y Platino – 2006». capif.org.ar (på spansk). Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 30. mars 2018. 
  41. «Austrian album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 30. mars 2018.  Enter Rolling Stones in the field Interpret. Enter A Bigger Bang in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  42. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang». Music Canada. Henta 30. mars 2018. 
  43. «Danish album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang». IFPI Denmark. Henta 30. mars 2018. 
  44. «French album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 30. mars 2018. 
  45. «Gold-/Platin-Datenbank (The Rolling Stones; 'A Bigger Bang')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  46. «Greek album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på gresk). IFPI Greece. Henta 30. mars 2018. 
  47. «Japanese album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  48. «New Zealand album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 30. mars 2018. 
  49. «Polish album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 30. mars 2018. 
  50. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Rolling Stones; 'A Bigger Bang')». Hung Medien. Henta 30. mars 2018. 
  51. «British album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang». British Phonographic Industry. Henta 30. mars 2018.  Enter A Bigger Bang in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  52. «American album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  53. «IFPI Platinum Europe Awards – 2006». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 30. mars 2018.