Avshalomgrotta
Avshalom naturreservat | |||
מערת הנטיפים בשמורת אבשלום | |||
grotte | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Stad | I vestsida av Judeafjella, sør for Nahal Soreq og kring 2 km aust for Bet Shemesh. | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 83 m | ||
Høgd | 15 m | ||
Styre | Israel natur- og parktilsyn | ||
![]() Avshalomgrotta | |||
Wikimedia Commons: Soreq Cave | |||
Avshalomgrotta (hebraisk מערת אבשלום), òg kalla Soreqgrotta eller Stalaktittgrotta (hebraisk מערת הנטיפים), er ei 5 000 m2 stor grotte på vestsida av Ye'ela, i Judeafjella i Israel, med mange stalaktittar.
Grotta vart oppdaga tilfeldig i mai 1968 medan ein nytta eksplosivar til å bryte stein, 3 km aust for Bet Shemesh i Israel. Grotta er 83 m lang, 60 m brei og 15 m høg.
Grotta er kalla opp etter Avshalom Shoham, ein israelsk soldat som mista livet i utmattingskrigen. Etter ho vart oppdaga vart plasseringa halden løynd i fleire år i frykt frå at ho skulle verte øydelagd.
Temperaturen og fukta i grotta er konstant året rundt og er i dag open for publikum i Avshalom naturreservat, som vart erklært i 1975.[1] I 2012 vart det installert lys i grotta for å hindre danning og vekst av algar.[2]
Somme av stalktittane i grotta er fire meter lange, og somme er så mykje som 300 000 år gamle. Somme møter stalagmittar og dannar steinsøyler.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Avshalom Cave» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 2009-10-07. Henta 30. september 2014.
- ↑ Sanders, Edmund (27. september 2014). «Israel's prehistoric Soreq Cave now a clean, eerily lighted place». Los Angeles Times.