Nahal Taninim
Nahal Taninim | |||
elv | |||
Nahal Taninim
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 200 km² | ||
Koordinatar | |||
Kjelde | nær Ramot Menashe | ||
Munning | Middelhavet | ||
![]() Nahal Taninim | |||
Wikimedia Commons: Taninim Stream | |||
Nahal Taninim (hebraisk נחל תנינים, tyder Krokodilleelva) er ei elv i Israel, som spring ut nær Ramot Menashe og munnar ut i Middelhavet sør for Ma'agan Michael. Det arabiske namnet på elva er Wadi a-Zarka.
Elva er kalla opp etter krokodillane som brukte å halde til i Kebarasumpane fram til tidleg på 1900-talet. Restane av Crocodilopolis, ein by som vart grunnlagd der på 300-talet fvt., er framleis synleg i dag.[1]
Heile vassdraget dekkjer eit område på kring 200 kvadratkilometer, og inkluderer elvane Taninim, Ada, Barkan, Alona og Mishmarot. Nahal Taninim er den reinaste av kystelvane i Israel.[1] Tre vassvegar møter kvarandre i Nahal Taninim: den naturlege elva, ein romersk akvedukt som strekkjer seg frå Zabrinkjeldene til Caesarea, og Mifale Menashe, vassverket som samlar avrenningsvatn og fører det ned under jorda.[2]
Dei tette siva langs Nahal Taninim er heimstad til mange fuglar, mellom anna songarar.[3]
I følgje ein zoolog ved Tel Aviv universitet levde det krokodillar og flodhestar i området fram til eit par hundre år sidan.[4]Den siste gongen det vart rapportert om krokodillar her var i 1912.[1]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nahal Taninim» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: