Wadi Og

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wadi Og
elv
Wadi Og 05.jpg
Wadi Og
Land Flag of Israel.svg Israel
Map
Wadi Og
31°46′39″ N 35°25′40″ E
Israel location map.svg
Wikimedia Commons: Og River

Wadi Og (hebraisk נחל אוג, arabisk وادي مكلك) er ein elv som renn om vinteren nær den israelsk busetjinga Almog. Han renn 30 km frå Jerusalem til Daudehavet.[1]

Wadi Og er den nordlegaste av elvane som flyt frå Judeaørkenen til Daudehavet.[2] Elva drenerer fjellsida av Oljeberget, Scopusfjellet og Abu Dis i Jerusalem 800 meter over havet og fell til Daudehavet 400 meter under havnivå .[3] Den bratte elva flyt raskt om vinteren,[2] og fleire gonger har flaum i elva vaska bort delar av veg 90.[4][5] Elva dreg med seg gjøme og avfall med vatnet og stundom kan ein flaumperiodar sjå hundremeter lange spor med gjørme ut i Daudehavet. Elva renn forbi Nabi Musa. Ved slutten av elva vart det bygd eit reservoar som lagrar vatnet frå flaumane og som vert nytta av Almog.[6]

Namnet på elva kjem frå den lokale sumak-planta (Rhus tripartita) som veks i dalen, og som heiter og på hebraisk.[1][3]

Og Lookout Panorama.jpg
Panorama av Wadi Og frå Og utkikkspunkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]