Bnei Zion
Bnei Zion | |||
בְּנֵי צִיּוֹן | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 27. mars 1947 | ||
- Grunnlagd av | Jewish Agency | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
![]() Bnei Zion | |||
Wikimedia Commons: Bnei Zion | |||
Bnei Zion (hebraisk skrift בְּנֵי צִיּוֹן, tyder Søner av Sion) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta kring 4,5 km nord for Ra'anana og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 000.
Landsbyen vart grunnlagd den 27. mars 1947 av Jewish Agency, og vart først kalla Gva'ot Ra'anana (hebraisk skrift גבעות רעננה, tyder Ra'anana-høgdene) før han fekk namn etter Bnai Zion, den amerikanske organisasjonen som var med på å grunnleggje landsbyen.
Naturreservat[endre | endre wikiteksten]
Like vest for moshaven ligg eit 100 mål stort naturreservat, som vart oppretta i 1968.[1] Reservatet er ein rest av den opphavlege Sharonsletta, rik på flora som veks godt i den jarnhaldige jorda.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bnei Zion» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014.
- ↑ «Bnei Zion naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 3. september 2015.