Songen Ooh La La av Faces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ooh La La
Singel av Faces
frå albumet Ooh La La
B-side

«Borstal Boys»

Utgjeve Mars 1973
Innspelt Januar 1973
Sjanger Folkrock[1]
Lengd 3:35
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar)
Produsent Glyn Johns
Faces-kronologi 
«Cindy Incidentally»
(1972)
Ooh La La «Pool Hall Richard»
(1973)


«Ooh La La» er ein song frå 1973 av bandet Faces, skriven av Ronnie Lane og Ronnie Wood. Songen var tittelsporet på det siste studioalbumet deira, Ooh La La.

Songen vart sungen av Wood, som ikkje skjedde så ofte i dette bandet, sidan det stort sett var Rod Stewart som var songar, eller stundom Ronnie Lane. Stewart og Lane song inn vokal for songen, før produsenten føreslo at Wood skulle få prøve seg, og det vart denne versjonen som vart nytta.

Lane spelte inn sin eigen versjon av songen etter han slutta i Faces i 1973 med den nye gruppa si, Slim Chance.

Wood framførte songen på solokonsertane sine frå 1987 til 2012.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Rod Stewart spelte sjølv inn songen i 1998 for soloalbumet When We Were the New Boys som ei hyllest til den nyleg avdøde Lane. Det var den første singelen frå albumet og nådde Topp 40 i USA og Topp 20 i Storbritannia.

Indierock bandet Silkworm spelte inn songen i 2000 for albumet Lifestyle.[2] Banjospelaren Danny Barnes spelte inn songen i 2003 på albumet Dirt on the Angel.[3] Songen vart spelt av Counting Crows som ei B-side til singelen «If I Could Give All My Love (Richard Manuel Is Dead)» i 2003. Punkrockaren Tim Armstrong, mest kjend som frontmann i Rancid, spelte inn ein ska-aktig versjon av songen under namnet Tim Timebomb and Friends.[4] Det amerikanske indierockbandet Manchester Orchestra framførte ein versjon av songen i juli 2013 for The A.V. Club.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uli Twelker; Roland Schmitt (1. desember 2010). The Small Faces & Other Stories. Bobcat Books. s. 156. ISBN 978-0-85712-451-7. 
  2. Kellman, Andy. Songen Ooh La La av FacesAllmusic. Henta 31. mai 2018.
  3. «Dirt on the Angel». Henta 31. mai 2018. 
  4. Sterling, Scott. «Rancid’s Tim Armstrong Releases New ‘Tim Timebomb’ Video Featuring Travis Barker». KROQ. Arkivert frå originalen 27. november 2012. Henta 17. november 2012. 
  5. «Manchester Orchestra covers Faces». Arkivert frå originalen 6. november 2013. Henta 31. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]