Fortun kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°29′36″N 7°41′12″E

Fortun kyrkje
Fortun kyrkje
Church of Fortun - Picture 1.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Fortun
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Arkitekt Erik Pedersen Rusten
Material Tre
Innvigd 1879
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 230
Wikimedia Commons: Fortun kyrkje

Fortun kyrkje står i bygda Fortun i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ei langkyrkje i tre frå 1879. Arkitekt for kyrkja var Erik Pedersen Rusten.

Fortun kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Fortun kyrkje
Fortun med Fortun kyrkje på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl
Fortun stavkyrkje fotografert i 1873
Fortun kyrkje, 2010

Ho er soknekyrkje i Fortun sokn i Indre Sogn prosti.

Kyrkja erstatta ei stavkyrkje som var frå 1160–1180. Stavkyrkja vart tilbode Fortidsminneforeninga, men dei hadde ikkje råd, og Fortun stavkyrkje vart riven i 1882. Mykje av vyrket frå kyrkja vart seld til konsul Gade som fekk det frakta til Bergen og brukt i Fantoft stavkyrkje, som han fekk sett opp i Fana. Denne stavkyrkja gjekk tapt i ein påtend brann i 1992. Like etter vart det sett opp ei ny stavkyrkje på Fantoft, men så godt som alle dei gamle delane frå Fortun stavkyrkje var gått tapt, og det einaste som er att av henne på Fantoft er ein ynkskjestein og ein kross som står på alteret.

Altertavla frå 1630-åra som hadde stått i stavkyrkja tok dei vare på på Fortun og ho heng på ein sidevegg i koret i Fortun kyrkje. Tavla var frå starten ei katekismetavle, men bibelversa vart overmåla med bilete av Kristus og Moses i 1692. I Fortun kyrkje er det òg to kyrkjeklokker frå 1200-talet, medan eit relikvieskrin frå 1220–1250 er på Bergen Museum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]