Vangen kyrkje
Utsjånad
- Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.
| Vangen kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Aurland | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sogn | ||
| Sokn | Vangen | ||
| Fellesråd | Aurland | ||
| Stad | Aurlandsvangen | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Periode | Tidleg gotikk | ||
| Teknikk | Kistemur | ||
| Material | Stein | ||
| Tårn | Stopul i tre | ||
| Preikestol | Frå 1600-talet | ||
| Døypefont | Frå 1928, i kleberstein | ||
| Altartavle | Frå 1926, av Anton Lang | ||
| Sitjeplassar | Ca. 270 | ||
| Diverse | Glasmåleri frå 1926 av Emanuel Vigeland | ||
![]() Vangen kyrkje 60°54′21″N 7°11′17″E / 60.9059°N 7.188°E | |||
| Wikimedia Commons: Vangen kyrkje | |||
Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland.

Foto: florisla
Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum.

Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen,: «Vangen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Red: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Vangen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Om Vangen kyrkje i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane
- Eldre fotografi av Vangen kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Vangen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Vangen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
