Joranger kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°22′41″N 7°17′18″E

Joranger kyrkje
kyrkje
Joranger kirke, Sogn og Fjordane - Riksantikvaren-T284 01 0607.jpg
Foto: C. Christensen Thomhav/Riksantikvaren
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Fet og Joranger
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Teknikk Tømra
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 85
Wikimedia Commons: Joranger kirke

Joranger kyrkje er ei langkyrkje[1] frå 1600-talet som står på Indre Hafslo i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja, som ligg på ei høgd med utsyn over Lustrafjorden, er bygd i tre og kvitmåla.

Joranger kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Joranger kyrkje

Medan ein tidlegare rekna med at kyrkja var bygd rundt 1660, viser dateringar av interiør og inventar at ho sannsynlegvis er eldre, truleg frå byrjinga av 1600-talet. Altartavla er måla i 1639, medan bjelkane i kortaket har vore dekorert i 1643 og 1652.

Også før den noverande kyrkja blei bygd har det stått kyrkje på staden. To kyrkjeklokker som finst her er frå 1200-talet. Ein bronselysestake frå same hundreåret finst no på Bergen Museum.

Joranger kyrkje er i lag med Fet kyrkje soknekyrkje i Fet og Joranger sokn i Sogn prosti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjebyggdatabasen skriv at Joranger har "korsplan", det må vere ein feil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]