Borgund kyrkje i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgund kyrkje
kyrkje
Foto: Svein Harkestad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Lærdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Borgund
Fellesråd Lærdal
Stad Borgund
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Christie[1]
Material Tre
Innvigd 28. august 1868[1]
 - Endringar Spontekkinga på taket vart bytt ut med skifer i 1886
Sitjeplassar 175[1]
Kart
Borgund kyrkje i Sogn
61°2′48″ N 7°48′42″ E
Wikimedia Commons: Borgund kyrkje i Lærdal

Borgund kyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Vestland, like ved Borgund stavkyrkje, og er ei langkyrkje i tre frå 1868.[1]

Borgund kyrkje i Sogn is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Borgund kyrkje
Kyrkjene på Borgund
Foto: J. P. Fagerback
Kyrkjene i Lærdal mellom 1880 og 1910.

Ho erstatta stavkyrkja som soknekyrkje for Borgund sokn i Sogn prosti.

Kyrkja vart dels betald for av Fortidsminneforeningen mot at dei fekk overta stavkyrkja. Sokneprest Henning Frimann Dahl var sterkt med på å drive fram denne løysinga. Soknet måtte ha ny kyrkje for stavkyrkja var vorten for lita, og Dahl meinte at det var ei nasjonal oppgåve å ta vare på Borgund stavkyrkje for framtida.[1]

Kyrkja er teikna av Christian Christie.[1] Han teikna også Hauge kyrkje i nabosoknet, og dei to kyrkjen har grunnforma sams, men medan Hauge kyrkje har to tårn og plass til 500 personar, har Borgund kyrkje ein takryttar midt over skipet og plass til 175 personar. I utforminga av kyrkjene var han inspirert av stavkyrkjene.[1]

Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Lærdal prestegjeld.

Både Borgund stavkyrkje og Borgund kyrkje finst i små versjonar bygd i legoklossar i Legoland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]