Hopperstad stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopperstad stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vik
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Diverse Eigd av Fortidsminneforeninga.
Kart
Hopperstad stavkyrkje
61°04′39″N 6°34′08″E / 61.07747°N 6.56902°E / 61.07747; 6.56902
Wikimedia Commons: Hopperstad stave church

Hopperstad stavkyrkje er ei stavkyrkje som står i Vik kommune i Sogn og blir rekna som ei av dei eldste stavkyrkjene. Ho er bygd kring 1130 og høyrer til Borgundtypen. Kyrkja vart kjøpt av Fortidsminneforeningen i 1884 og med det berga frå den tiltenkte nedrivinga. I åra etter vart ho ført attende til mellomalderutsjånad av arkitekt Peter Andreas Blix.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Hopperstad stavkyrkje er ei treskipa langkyrkje med 16 stavar som alle er 8 m lange. Midtromet er delt frå koret med ein skiljevegg. Hopperstad er den einaste stavkyrkja der ein slik vegg er bevart. I austenden har kyrkja ein halvrund apsis. Det er svalgang rundt heile kyrkja.

Kyrkja har tre inngangar. Vestportalen er hovudinngangen og er dekorert med utskjeringar av høg kvalitet. Sideinngangen i sør er utforma noko enklare. So er det separat inngang til koret som presten brukte. Opphavleg hadde kyrkja ikkje vindauge, men berre små opningar i veggane rett under taket. Dette var for å halde ver og vind ute. I seinare tid blei det sett inn vindauge av glas, som blei fjerna igjen under restaureringa av kyrkja på 1880-talet. Berre to vindauge i vestveggen er att. I koret er det ei luke som presten kunne bruke for å komme i kontakt med folk utanfor kyrkja som ikkje hadde lov å komme inn (t.d. pga. sjukdom). Taket blei bygd nytt i samband med restaureringa på 1880-talet og er dekorert med tårn og drakehovud.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja står i dag meir eller mindre slik ho vart bygd som katolsk kyrkje på 1100-talet. All inventar som kom til i seinare tid blei fjerna igjen under restaureringa på 1880-talet, også kyrkjebenkene. I den katolske mellomalderkyrkja stod kyrkjelyden under gudstenesta.

Kyrkja har tre altar, ein hovudaltar og to sidealtar. Hovudaltaret i koret og er truleg frå 1621 dvs. frå tida etter reformasjonen. Dei to sidealtar er lokaliserte i skipet. Over den eine er det plassert ein baldakin frå 1200-talet. Baldakinen er pynta med utskjeringar og 8 maleri med motiv frå bibelen.

Historia kringa berginga av kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I 1877 blei den nye kyrkja i Vik ferdigstilt, og dei to andre kyrkjene i Vik sentrum, Hopperstad og Hove kyrkje, stod til forfall. Arkitekten Peter Andreas Blix som heldt til i Bergen, fekk tilfeldigvis vite om tilstanden til Hopperstad stavkyrkje og stogga rivinga. Han tilbaud å gratis leie prosessen med restaureringa dersom Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja. Tilbodet blei akseptert, og restaureringsarbeidet blei utført i åra 1885 til 1891. Aldri før blei ei stavkyrkje måla opp på ein slik omfattande måte og så detaljerte undersøkingar gjennomført. Under arbeidet orienterte seg Blix mykje på Borgund stavkyrkje, som høyrer til same type stavkyrkje. Han brukte også eigne pengar i restaureringa.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eva Valebrokk og Thomas Thiis-Evensen: Levende fortid. De utrolige stavkirkene. – Boksenteret – ISBN 82-7683-024-2
  • Fortidsminneforeninga 1997: Hopperstad stavkyrkje. Museumsførar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]