Dale kyrkje i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dale kyrkje
kyrkje
Foto: Bjørn Erik Pedersen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Dale
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Teknikk Kistemur[1]
Innvigd kring 1240[1]
 - Vigd til St. Nikolaus[1]
Tårn Bygd 1634-35[1]
Portal I kleberstein[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja og 100 meter unna
Sitjeplassar 200[1]
Kart
Dale kyrkje i Sogn
61°26′29″ N 7°27′18″ E
Wikimedia Commons: Dale kirke (Luster)

Dale kyrkje står i grenda Dale ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei mura langkyrkje frå kring 1240.[1] Dale sokn er fyrste gong nemnt i brev frå biskop Arne i 1306, medan kyrkja og prestestova er nemnt første gong i 1321. Bygget har skip med rektangulært grunnplan og eit smalare og lågare kor.[2] Mellomalderkyrkja hadde ikkje tårn. Tårnet i form av ein takryttar vart sett på i 1634-34, men tårnet er seinare kraftig ombygd. Våpenhuset vart oppført i 1646-48. Det er gravkammer i ein krypt under golvet og kyrkja tok mest betalt for gravplass under koret, men i 1804 kom det forbod mot gravlegging inne i kyrkja. De står fortsatt omkring 60 kister med balsamerte leivningar i krypten.[2]

Dale kyrkje i Sogn is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Dale kyrkje

Kyrkja utmerkjer seg med eit godt bevart barokkinteriør og ein klebersteinsportal som er mellom dei aller fremste steinarbeida ein har frå mellomalderen i Noreg.[1] Klebersteinen til kyrka vart truleg broten i Kleberseggi på Indre Hafslo, og den høge kvaliteten på steinarbeidet tyder på at det har vore folk frå utlandet som har hogd til portalen og dei andre klebersteinsdelane i kyrkja.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Dale sokn i Sogn prosti.

Sokneprestar[endre | endre wikiteksten]

Namn og tenestetid.[2]

  • Stevelin Adamson Reutz 1677-1687
  • Hans Henrikson Urdahl 1687-1728
  • Peder Jensson Juel 1730-1745
  • Jens J. Borchsenius 1745-1754
  • Fredrik N. Cimber 1754-1760
  • Gerhard (Gert) Andersson Daae 1761-1784
  • Ludolf Krohn 1785-1795
  • Anders Gerhardson Daae 1795-1803 (son av tidlegare prest)
  • Edvard A. Quale 1803-1828
  • Hans N. Bonnevie 1834-1844
  • Just O. Moss 1845-1852
  • Carl Herman Peterson Hansen 1852-1861
  • Adolf Christie Fritzner Daae 1875-1896
  • Håkon Hovland 1963-1968

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Anne Marta Hoff: «Dale kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane».  Vitja 23 november 2008
  2. 2,0 2,1 2,2 Hoff, Anne Marta (red) (2000): Dale kyrkje 750 år. Utgjeven av Nord 4 og Dale kyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]